Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 70 elevar. Skuleåret 2025 – 2026 består laget vårt av om lag 7 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.
Me har ledig 100% vikariat som lærar frå 01.01.26 – 31.07.2026, med moglegheit for forlenging. Til stillinga høyrer det og med kontaktlærarfunksjon.
Kvalifikasjonar me ser etter i deg:
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule
- Du er innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring
- Du kan omsetja teoretisk kunnskap i praksis
- Du er fleksibel og positiv
- Du har pågangsmot og er utviklingsorientert
- Du må kunna nytta digitale verktøy i opplæringa
Personlege eigenskapar:
- Du er god på relasjonsbygging
- Du er ein trygg og stabil vaksen
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksen
- Du er fleksibel og toler at det blir endringar i oppsette planar
- Du er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Du har god innsikt i lærarrolla og arbeidar målretta
- Du er fleksibel og utviklingsorientert
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg videre instruksjonar. Du kan logge inn via ID‑porten, med brukarnamn og passord, via Facebook‑profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her