A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Vindafjord kommune søkjer ein fagarbeidar innan kontor og administrasjon for ei sentral rolle i eininga Tilrettelagte tenester. Stillinga er 80% fast og fordelt mellom kontor i Sandeid og Ølen, med varierte oppgåver og mykje kontakt med menneske.
Du vil bidra med saksbehandling, dokumenthandtering, registrering i fagsystem og dagleg støtte til leiing og tilsette. Det blir god opplæring og moglegheit for vidareutdanning.
Me søkjer fagarbeidar innan kontor og administrasjon der du vil få ei sentral rolle hos oss som konsulent!
Eining tilrettelagte tenester søkjer etter ein strukturert og engasjert konsulent i 80% fast stilling som trivst med varierte arbeidsoppgåver og kontakt med mange menneske!
Som konsulent vil du ha ei sentral rolle i eininga og vere eit viktig bindeledd mellom tenestene, tilsette, leiarar, brukarar og samarbeidspartnerar. Du vil bidra til god informasjonsflyt, orden og struktur, og vere med på å sikre at dei admininstrative oppgåvene vert løyste på ein effektiv og profesjonell måte.
Stillinga er organisert i eining Tilrettelagte tenester, og arbeidsstaden vil vere fordelt mellom kontor i både Sandeid og Ølen.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Velkomen som søkjar hos oss- me ser fram til å få ein ny kollega som vil vera med og bidra til gode tenester for innbyggjarane våre!
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her