A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Bjørnafjorden kommune søker tilrettelagte tenester ved Idrettsvegen bufellesskap. Stillinga er 70% fast, med turnus og arbeid kvar tredje helg, ledig frå omlag 23. november.
Du skal gi eit heilskapleg omsorgstilbod og legga vekt på livskvalitet, brukarinnverking og førebygging i eit inkluderande miljø. Politiattest må leggjast fram.
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdelingIdrettsvegen bufellesskap, har ledig 70 % fast stilling i turnus
Stillinga for tidamedarbeidshelg, kvar 3. helg m/ordinære vakter og er ledigfrå omlag 23. november -26.
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter pluss avlastningstilbod for born og unge.
Idrettsvegen bufellesskap, er eit av 9 bufellesskap i eininga, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 10 personar (vaksne) med ulike bistandsbehov.
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på godlivskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Hos oss skal jobben handle om livskvalitet.
"Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og ståsentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistandvedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Vi søkjer vi fortrinnsvis deg som har fagbrev innen helse. Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa og erfaring med utfordrande åtferd, vil bli vektlagt. Er du ufaglært og i et utdanningsløp til å ta fagbrev i helsefagarbeidarfaget, vil du også bli vurdert.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlegekvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
«Kven er du?»Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med primærkontaktansvar.Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.Du er ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utanfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til.
Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv.Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag.Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det samme som deg.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.