A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sykkylven kommune søkjer tilsette sjukepleiar i 100% fast stilling til BUAS sone 2. Stillinga inngår i turnus og kan få langvakter ved behov. Ein vil få variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, støtte frå sjukepleiargruppe og gode utviklingsmoglegheiter.
Vi søkjer nakon nyutdanna og erfarne sjukepleiarar som er strukturerte, løysingsorienterte og tek ansvar. Tilsetting skjer fortløpande og vi tilbyr gode pensjonsordningar og parkering.
Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?
Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver?
Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) sone 2, søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det.
Ved å velje BUAS får du:
Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre.
Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling
Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
Bli ein del av laget vårt!
Vi ser fram til å høyre frå deg!Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje.
Tilsetting kan skje fortløpande.
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Astrid Hammernes Strømme,Avdelingsleiar BUAS sone 2,95947361,astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide,Einingsleiar BUAS,90118218,wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230SYKKYLVEN
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5193009184
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2026