Convierte este puesto en una entrevista — un currículum y una carta de presentación creados pensando en lo que quiere el empleador.
Sykkylven kommune søker ei sjukepleiar i 100% vikariat ved legesenteret og legevakta. Du vil arbeide i todelt turnus, med kveldar kvar tredje veke, og samarbeide tett med AMK, ambulanse og Ålesund legevakt.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, kollegial støtte og fagleg utvikling. Oppstart snarast, vikariatet varer til august 2027 med moglegheit for forlenging.
Sykkylven Helsehus er ein spennande arbeidsplass i nye lokaler med eit godt fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, med tydelig fokus på å levere best mogleg helsetenester til kommunen. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, og varierte og spennande arbeidsoppgåver.
Vi har prosjekt som gir fokus på fagleg utvikling, oppgåvedeling og effektivisering av legetenester.
Sykkylven legesenter er kommunalt drive og har 9 legeheimlar, samt ein LIS1-lege. Legesenteret har 5 sjukepleiarar og 4 andre helsepersonell der fleire også jobbar ved legevakta i todelt turnus. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune og omfattar 3 fast tilsette legevaktsleger og sjukepleiarar.
Vi har no ledig 100 % vikariat som sjukepleiar.
Stillinga er per no i todelt turnus, med arbeid på kveld kvar 3. veke på legevakta. Vi har fokus på helsefremjande turnus og lav vaktbelastning. Oppstartsdato snarast. Vikariatet er fram til august 2027, med moglegheit for forlenging.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kanutte Roald,Einingsleiar Helsehus,98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no
Emily Ingina Nedreberg,Avdelingsleiar Legetenester,+47 91898741, emily.ingina.nedreberg@sykkylven.kommune.no
Auregata 19
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5191856102
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.10.2026