Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Sykkylven kommune tilbyr ei 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar i Psykisk helse og rus. Dagtid, måndag–fredag, med tverrfagleg samarbeid og miljøterapeutisk oppfølging for innbyggjarane i Sykkylven.
Stillinga krev autorisasjon, norsk språkferdigheiter og førarkort. Oppstart 15.10.2026, og løysing som gir gode pensjons- og forsikringsordningar. Kontaktinformasjon vert oppgitt til slutt.
Stillingstittel Sjukepleiar/ Vernepleiar 100% fast stilling - Dagtid
Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg!
Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå 15.10.2026 og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag.
Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk.
Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar.
Oppmodar menn til å søke.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Audhild Myklebust, Avdelingsleiar psykisk helse og rus, 91898758, audhild.myklebust@sykkylven.kommune.no
Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no
Auregata 19
6230Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5192013971
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026