Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sykkylven kommune tilbyr ei 100% stilling som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar i BUAS, fordelt 60% i stab og 40% klinisk arbeid med direkte pasientoppfølging.
Du blir ein nøkkelressurs i kvalitetsarbeid, undervisning, fagleg støtte og vidareutvikling av tenestene gjennom heile organisasjonen.
Hos oss får du kombinere det beste frå to verdenar: nær kontakt med pasientane og moglegheita til å påverke kvalitet og fagutvikling i heile organisasjonen.
Vi har ledig 100 % stilling og søker engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar som ønskjer ei spanande rolle i skjeringspunktet mellom klinisk arbeid, fagutvikling og kvalitetsforbetring.
Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) får du ei unik moglegheit til å arbeide på tvers av våre fem avdelingar og bidra til å vidareutvikle tenestane for våre 83 pasientar. Dette er ikkje berre ei sjukepleiarstilling, men ei sentral fagrolle der du får bruke kompetansen din til å styrke kvalitet, pasienttryggleik og kompetanseutvikling i heile organisasjonen.
Du er ein sjukepleiar som brenn for faget og ønskjer å gjere meir enn å dekke vakter. Du trivst med ansvar, ser verdien av gode system og ønskjer å bidra til utvikling av både tenester og medarbeidarar.
Du er fagleg trygg, samarbeidar godt med andre og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Stillinga er fordelt med:
60 % i stabsfunksjon, der du bidreg med sjukepleiefagleg støtte på tvers av avdelingane
40 % klinisk arbeid i avdeling, med direkte pasientoppfølging - denne delen er per tida på Sone 2
I stab funksjonen vil du vere ein viktig ressurs innan:
Du får ei sentral rolle i å sikre at alle pasientar ved BUAS får tilgang til sjukepleiefagleg kompetanse.
Offentlegheit
We gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Wenche Oldeide,Einingsleiar,90118218,wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230SYKKYLVEN
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5195974182
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026