A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Valen sjukehus søker ein overlege i psykiatri til eit sterkt fagmiljø ved Valen sjukehus. Du vil inngå i eit tverrfagleg team og bidra til behandling og fagutvikling.
Tilsetjinga krev norsk autorisasjon og godkjend spesialist i psykiatri; erfaring med EPJ som DIPS/Meona er ønskjeleg. Startdato 01.02.2027 og søknadsfrist 13.12.2026. Vi tilbyr konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar og eit rikt kultur- og friluftsliv i regionen.
Overlege i psykiatri søkjast til Valen sjukehus
Valen sjukehus er ein tradisjonsrik institusjon med røter heilt tilbake til 1910. Gjennom meir enn hundre år har sjukehuset vore kjenneteikna av ein humanistisk tilnærming til behandling og evna til å ta i bruk nye og innovative behandlingsformer.
Er du ein overlege som ønskjer å arbeide i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, varierte kliniske utfordringar og gode moglegheiter for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere arbeidsplassen for deg.
Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med brei kompetanse innan psykisk helsevern. Sjukehuset omfattar akuttpost, psykosepost, sikkerheitspost, sikkerheits-/rehabiliteringspost, FACT sikkerheitsteam og poliklinikk. Du vil samarbeide tett med erfarne overlegar, psykologspesialistar, LIS-legar, sosionomar, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitørar og engasjert miljøpersonell. Ved Valen sjukehus kombinerer vi sterke faglege tradisjonar med utvikling, nytenking og eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til best mogleg behandling for pasientane våre og samtidig vere med på å vidareutvikle tenestene for framtida.
Hos oss er det viktig at du:
Marianne Lund Anderssen,Avdelingsleiar,+47 53466407
Sjukehusvegen 15
5451VALEN
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5213436244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 13.12.2026
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.