Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Overlege i psykiatri søkjast til Valen sjukehus, ein institusjon med brei kompetanse i psykisk helsevern. Du vil inngå i eit tverrfagleg miljø som inkluderer overlegar, psykologspesialistar, LIS-legar og psykiatriske helsepersonell, og bidra til utvikling av tenester og forsking.
Viktige ansvar er rettleiing av legar i spesialisering, rettleiing av studentar og å arbeide pasientorientert i ein kompleks klinisk situasjon.
Valen sjukehus er ein tradisjonsrik institusjon med røter heilt tilbake til 1910. Gjennom meir enn hundre år har sjukehuset vore kjenneteikna av ein humanistisk tilnærming til behandling og evna til å ta i bruk nye og innovative behandlingsformer.
Er du ein overlege som ønskjer å arbeide i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, varierte kliniske utfordringar og gode moglegheiter for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere arbeidsplassen for deg.
Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med brei kompetanse innan psykisk helsevern. Sjukehuset omfattar akuttpost, psykosepost, sikkerhetspost, sikkerhets-/rehabiliteringspost, FACT sikkerhetsteam og poliklinikk. Du vil samarbeide tett med erfarne overlegar, psykologspesialistar, LIS-legar, sosionomar, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitørar og engasjert miljøpersonell. Ved Valen sjukehus kombinerer vi sterke faglege tradisjonar med utvikling, nytenking og eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til best mogleg behandling for pasientane våre og samtidig vere med på å videreutvikle tenestene for framtida.
Høyrest dette interessant ut? Då ser vi fram til søknaden din.
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.