Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Klinikk for psykisk helsevern og rus ved Folgefonn DPS søker ein engasjert funksjonsleiar for merkantile tenester. Du vil ha personalansvar, arbeide med kompetanseutvikling og sikre effektive administrative løysingar som støttar pasientbehandlingen.
Du byggjer relasjonar, er opptatt av kvalitet og samarbeid, og bidreg til utvikling av viktige administrative prosessar i DPS-området i Valen og omland.
Klinikk for psykisk helsevern og rus gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Helse Fonna-området. Ved Folgefonn DPS tilbyr vi tenester innan psykisk helsevern og rusbehandling til innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang kommunar, eit opptaksområde på om lag 19 000 innbyggjarar.
Verksemda vår omfattar døgnavdeling, allmennpoliklinikk på Valen og i Odda, FACT-team og TSB/LAR-tenester. Kvar dag arbeider vi for å gi heilskaplege og gode tenester til menneske som treng oss.
No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert funksjonsleiar for merkantile tenester. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som ønskjer å bidra til gode arbeidsprosessar, styrkje samarbeid på tvers av fagmiljø og vidareutvikle viktige administrative tenester som understøttar pasientbehandlingen.
Som funksjonsleiar får du ei sentral rolle i den daglege drifta og i vidareutviklinga av dei merkantile tenestene ved DPS-et. Du vil ha ansvar for å leggje til rette for gode rammer for medarbeidarane, samstundes som du sikrar effektive og framtidsretta administrative løysingar.
Vi ser etter deg som trivst i ei leiarrolle, byggjer gode relasjonar og motiverer andre. Du er opptatt av kvalitet, utvikling og samarbeid, og ser moglegheitar der andre ser utfordringar. Som funksjonsleiar rapporterer du til avdelingsleiar og blir ein viktig del av avdelinga si leiargruppe. Her får du høve til å påverke, utvikle og bidra til ei viktig samfunnsoppgåve.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Åse Digranes,Funksjonsleiar,92647887, aase.digranes@helse-fonna.no
Maren Elise Skogseth,Avdelingsleder,95187657, maren.skogseth@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 13
5451Valen
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5210090207
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2026
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.