Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) i Bergen lysar ut eit 100% vikariat som ergoterapeut. Stillingen har startdato 01.03.2027 og plass i Haukelandsveien 22, 5021 Bergen. HABU tilbyr eit tverrfagleg team og fokus på barn og ungdom med omfattande funksjonsvanskar.
Du vil kartlegge og behandle i samsvar med pasientforløp, gi rettleiing til familie og samarbeid med lokale fagpersonar i eit aktivt og travelt miljø.
Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) arbeider med barn og unge med nedsett funksjonsnivå. Vi arbeider for å betre livskvaliteten til desse barna og familiane deira. For å lukkast med dette har HABU eit tverrfagleg team kring barnet som består av legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, vernepleiarar og logopedar.
Til saman er vi 36 høgkompetente medarbeidarar som blir motivert av teamarbeid og som brenn for å gje barn og unge ein betre kvardag. Vi har eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta og ein stor del av samfunnsoppdraget vårt er rettleiing og opplæring av ressurspersonar kring barnet.
Vi har fra mars 2027 ledig 100% vikariat for spesialergoterapeut/ergoterapeut i eitt år. Vi søker deg som har erfaring i frå arbeid med barn med omfattande funksjonsvanskar, og som ønsker å gjere ein forskjell for desse.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel). Jfr Lov om helsepersonell §20A.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Tonje Håvardstun, Konstituert seksjonsleiar, 477 66 354, Tonje.Havardstun@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5211156476
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 29.02.2028
Søknadsfrist: 02.12.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.