A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) ved Helse Bergen HF søker ergoterapeut til eit 100% vikariat for barn og ungdom med omfattande funksjonsnedsettingar. Arbeidet skjer i eit tverrfagleg team rundt barnet, og startdato er 01.03.2027 med avslutning 29.02.2028.
Arbeidsoppgåvene inkluderer kartlegging, behandling etter pasientforløp, vurdering av finmotorikk og tiltak, samt rettleiing til familie og lokale fagpersonar.
Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) arbeider med barn og unge med nedsett funksjonsnivå. Vi arbeider for å betre livskvaliteten til desse barna og familiane deira. For å lukkast med dette har HABU eit tverrfagleg team kring barnet som består av legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, vernepleiarar og logopedar.
Til saman er vi 36 høgkompetente medarbeidarar som blir motivert av teamarbeid og som brenn for å gje barn og unge ein betre kvardag. Vi har eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta og ein stor del av samfunnsoppdraget vårt er rettleiing og opplæring av ressurspersonar kring barnet.
Vi har fra mars 2027 ledig 100% vikariat for spesialergoterapeut/ergoterapeut i eitt år. Vi søker deg som har erfaring i frå arbeid med barn med omfattande funksjonsvanskar, og som ønsker å gjere ein forskjell for desse.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel). Jfr Lov om helsepersonell §20A.
Søkar bør også ha;
Tonje Håvardstun,Konstituert seksjonsleiar,477 66 354,Tonje.Havardstun@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5211156476
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 29.02.2028
Søknadsfrist: 02.12.2026