Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Førde i Sogndal søker lege i spesialisering (LIS2/3) for eit eittårig vikariat frå 01.03.2027 til 01.03.2028. Vikariatet er knytt til Indre Sogn psykiatrisenter, som tilbyr poliklinikk og sengepost, og inkluderer deltaking i vaktordningar og fagutvikling.
Det krevjast norsk autorisasjon, minimum B2-nivå norsk dokumentert ved søknad, og fullført LIS1-tjeneste. Søkjar må ha førarkort klasse B og vere motivert til fagleg utvikling innan psykiatri.
Vi søkjer lege i spesialisering (LIS2/3) til eit eittårig vikariat i perioden 01.03.2027 til 01.03.2028.
Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk med spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd.
Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre Sogn psykiatrisenter.
Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utenfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Øyvin Helge Myrmel,Avdelingssjef,+47 415 30 396
Dalavegen 29
6856SOGNDAL
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5187718970
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 28.02.2028
Søknadsfrist: 01.11.2026