A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Gloppen kommune i Vestland fylke utlyser eit årstøvt vikariat i 100 % stilling for vernepleiar eller sjukepleiar med erfaring frå miljøarbeid. Det kan bli tilsett ved medleverturnus (2-7-2-7-3-7), med moglegheit for lenging til fast stilling ved langvakter.
Arbeidet skjer ved Miljøarbeidartenesta avdeling 2, Myklebusttunet, der du nært følger personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov, og har ansvarsvakt og helsefaglege oppgåver i eit inkluderande fagmiljø.
Ønskjer du ein jobb der du kan kombinere fagleg ansvar med lange friperiodar?
Vi har ledig eit års vikariat i 100 % stilling etter medleverprinsippet for vernepleiar eller sjukepleiar med erfaring frå miljøarbeid. Det vil vere moglegheit for forlenging i form av fast stilling i langvakter i tenesta. Tilredning 01.04.2027 eller tidlegare etter avtale.
I Miljøarbeidartenesta avdeling 2, Myklebusttunet arbeider du tett på personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov. Du får ei sentral rolle i den daglege oppfølginga av brukarane, med ansvarsvakt, helsefaglege oppgåver og miljøarbeid. Stillinga følgjer medleverordninga (2-7-2-7-3-7), som gir ein fleksibel arbeidskvardag med gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid.Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga.
Søknadsfrist:
Vernepleiar eller sjukepleiar i medleverturnus
Oppgåvene er brukarretta og består mellom anna av:
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.Vi oppmodar særleg menn til å søkje, då personalgruppa i dag har ei overvekt av kvinner.
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og flere langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.