Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Gloppen kommune i Sandane lyser ut 70% fast stilling som støttepersonell ved Gloppen legesenter. Stillinga krev helsefagleg bakgrunn og arbeidstid på dagtid. Den som tilset vil hovudsakleg arbeide med merkantile oppgåver som arkivering, scanning og posthandtering.
Det er ønskt med helseutdanning eller relevant praksis, og ein person som er ansvarsbevisst, sjølvstendig og god i team blir prioritert. Tilsettingsvilkår og prøvetid følgjer gjeldande lover og tariffavtale.
Gloppen legesenter ligg på Sandane. Her jobbar åtte fastlegar, turnuslege, helsesekretærar/helsefagarbeidarar, bioingeniør og sjukepleiarar. Legesenteret er kommunalt, og vart bygt i 2012. Lokala er lyse og trivelege med utsikt utover fjorden frå kontoret.
Vi har no ledig 70 % fast stilling som støttepersonell ved Gloppen legesenter med snarleg tilsetting. Helsefagleg bakgrunn er ynskjeleg. Arbeidet er på dagtid.
Den tilsette vil få ansvar på ulike arbeidsområder med hovudvekt på merkantile oppgåver som arkivering, scanning, arbeid med post, sterilisering av instrument. Vidare vil prosedyrer som ekg , handtering av 24t BT apparater, fjerning av sting vere blant arbeidsoppgåvene. Det kan tilkome nye helsefaglege arbeidsoppgåver etterkvart.
Vi søkjer primært etter ein person med helseutdanning, men også andre med relevant praksis kan søke.
Personlege eigenskaparVi ynskjer ein person som er ansvarsbevisst, sjølvstendig og som kan jobbe i team.Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg,Personleg kvalifikasjonar, interesse og kunnskap innan IKT vert vektlagt
Vi tilbyderTilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Elin Bergheim, Tenesteleiar Legesenteret, +47 908 48 835 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5215545212 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 01.03.2027 Søknadsfrist: 17.12.2026