Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Gloppen legesenter ligg på Sandane og har åtte fastlegear, turnuslege og eit variert støttepersonellmiljø. Det er no ledig ei 70% fast stilling som støttepersonell ved legesenteret, og dei opplyser at helseutdanning er ynskjeleg.
Dei held fram med å tilby eit triveleg arbeidsmiljø i eit kommunalt legesenter med god tilgang til tverrfagleg samarbeid. Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover og tariffavtale, med prøveperiode på seks månader.
Gloppen legesenter ligg på Sandane. Her jobbar åtte fastlegar, turnuslege, helsesekretærar/helsefagarbeidarar, bioingeniør og sjukepleiarar.
Legesenteret er kommunalt, og vart bygt i 2012. Lokala er lyse og trivelege med utsikt utover fjorden frå kontoret.
Vi har no ledig 70 % fast stilling som støttepersonell ved Gloppen legesenter med snarleg tilsetting. Helsefagleg bakgrunn er ynskjeleg.
Vi ynskjer ein person som er ansvarsbevisst, sjølvstendig og som kan jobbe i team.
Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg,
Personleg kvalifikasjonar, interesse og kunnskap innan IKT vert vektlagt
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.