Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Gloppen kommune søkjer nattestillingar som gir tryggleik og kvalitet i tenestene. Arbeidet omfattar observasjon, oppfølging av individuelle tiltak og dokumentasjon, i tett lag rundt brukarane.
Arbeidet krev evne til relasjonsbygging, tolmod og respekt, og det vert tilbydd at andre tilsette møter med leiing og vaktlag. Det blir nattlege tillegg og særlege vilkår for dei som har høgare utdanning.
Vil du bidra til tryggleik og gode tenester gjennom natta?
Miljøarbeidertenesta, avdeling 1 (Åsavegen, Furubu og Solsikka) har ledige stillingar:
- Vikariat i 80 % på natt med arbeid kvar tredje helg i perioden 01.04.27 til 19.04.28. Det er moglegheit for forlenging, i form av fast tilsetning i tenesta.
- fast stilling i ca 31% helg på natt. Stillinga utgjer arbeid natt til laurdag, natt til søndag og natt til måndag kvar tredje helg.
På natt er du med på å sikre at bebuarane våre får eit trygt, godt og forsvarleg tenestetilbod. Arbeidet omfattar mellom anna observasjonar, oppfølging av individuelle tiltak og praktisk bistand etter behov. Du arbeider tett saman med to andre nattevakter og blir ein viktig del av laget rundt brukarane.
Miljøarbeidertenesta yter tenester til personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å gi fagleg gode tenester. Målet er å bidra til at kvar enkelt brukar kan leve eit godt liv ut frå eigne føresetnader, ønskje og behov. Dette krev tilsette som møter menneske med respekt, omsorg og fagleg bevisstheit.
Som nattevakt må du rekne med å delta på personalmøte og fagmøte som er lagt inn i turnus gjennom året.
Tiltreding: 01.04.27 eller tidlegare etter avtale.Oppgi i søknaden om du søker på fast helg 31% eller 80% stilling.
Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar.
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og flere langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.