Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Helse Møre og Romsdal HF ved SNR søkjer ei engasjert vernepleiar til ei 70% nattstilling ved sengeposten for psykosebehandling på Hjelset. Du vert ein del av eit fagmiljø som arbeidar med spesielt tilpassa behandling av pasientar med alvorlege Psykose-lidingar.
Arbeidsoppgåver inkluderer strukturering av pasientkvardagen, systematisk observasjon og medikamentoppfølging, samt deltaking i nattevaktteamet og tverrfaglege dialogar. Krav: norsk autorisasjon, god norsk, og førarkort.
Søk på stillinga (i ny fane)
Ved sengeposten for psykosebehandling ved SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig vernepleiar til ei 70 % fast nattstilling!
Som nattevakt hos oss vert du ein del av eit godt fag- og arbeidsmiljø som legg til rette for trygg og heilskapleg behandling av pasientar med alvorlege psykiske lidingar.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som vil vere ein aktiv bidragsytar i behandlinga av pasientar med psykose, og som vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.
Den nyoppretta sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid, fagleg kvalitet og kontinuerleg utvikling. Sengeposten for psykosebehandling ved SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset. Dette er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. Personalgruppa er breitt samansett og arbeider både med utgreiing av psykoseproblematikk og behandling gjennom mellom anna medikamentell oppfølging, samtaleterapi, fysisk aktivitet, turgrupper og miljøterapeutiske tiltak.
Menn er oppfordra til å søke.
28.08.2026
Helse Møre og Romsdal HF
Hjelset
Vernepleiar
1
Deltid
Fast
70
5127968204
01.09.2026
Del på X Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Ingunn Romundstad Innerdal
Konst. seksjonsleiar
Telefon: 71118484
E-post: Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal