Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Helse Møre og Romsdal søker ein engasjert vernepleiar til ei 100 % fast nattstilling ved den nyoppretta sengeposten for psykosebehandling. Du vert ein del av eit fagleg sterkt nattteam som arbeider med behandling og tiltak for pasientar med psykoselidingar.
Sengeposten fokuserer på tverrfagleg samarbeid, tryggheit og fagleg utvikling. Som nattevakt vil du bidra til struktur i pasientkvardagen og delta i opplæring og faglege dagar.
Ved sengeposten for psykosebehandling ved SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig vernepleiar til ei 100 % fast nattstilling!
Som nattevakt hos oss vert du ein del av eit godt fag- og arbeidsmiljø som legg til rette for trygg og heilskapleg behandling av pasientar med alvorlege psykiske lidingar.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som vil vere ein aktiv bidragsytar i behandlinga av pasientar med psykose, og som vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.
Den nyoppretta sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid, fagleg kvalitet og kontinuerleg utvikling.Sengeposten for psykosebehandling ved SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset. Dette er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. Personalgruppa er breitt samansett og arbeider både med utgreiing av psykoseproblematikk og behandling gjennom mellom anna medikamentell oppfølging, samtaleterapi, fysisk aktivitet, turgrupper og miljøterapeutiske tiltak.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.