Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Spesialisert habilitering SNR utlyser ei 60% stilling for overlege i psykiatri ved Nordmøre og Romsdal sjukehus i Molde, med moglegheit for vurdering av andre spesialistar ved fråver av psykiatristar. SNR ligg i det nye sjukehuset i Hjelset, ca 20 km frå Molde sentrum.
Som overlege blir du ein del av eit tverrfagleg team og ansvarlig for rettleiing og undervisning internt og eksternt, samt psykoedukasjon for pasientar og pårørande.
Spesialisert habilitering SNR har ei 60% ledig stilling for overlege i psykiatri. Andre spesialistar kan bli vurdert dersom det ikkje er søkjarar med spesialisering innan psykiatri. Vi har i dag tilsett nevrolog i 40% stilling.
Seksjonen gir eit tilbod til innbyggarane i Nordmøre og Romsdal med medfødte og tidleg erverva funksjonsnedsettelser. Vi held til i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR), på Hjelset som ligg ca 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansundsund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønsker å reise kollektivt.
Seksjonen er ein del av avdeling for sjukehuspsykiatri og som vår overlege blir du ein del av eit større, tverrfagleg behandlingsteam, både internt i seksjonen og i avdelinga.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal