Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker sjukepleiar/vernepleiar til Allmennpsykiatri Sunnmøre. Fast 50% stilling med arbeid kvar 3. helg, start 01.11.2026. Søkjar må ha norsk autorisasjon og erfaring frå psykisk helsearbeid eller rus, og beherske norsk skriftleg og munnleg.
Seksjonen har 14 senger og eit tverrfagleg team. Dei byr på miljøterapi, ECT og medikamentell behandling, med fokus på frivillegheit og redusert bruk av tvang. Sidanstaden ligg til Ålesund.
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund
Sjukepleiar/vernepleiar Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Ved Allmenpsykiatri Sunnmøre (tidl. Utgreiing og behandling), har vi no ledig fast 50% stilling som sjukepleiar/vernepleiar med arbeid kvar 3. helg.
Stillinga er ledig fra 01.11.26.
Vi søker deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrrelsar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.
Seksjonen tilbyr mellom anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.
Søknadsfrist
10.09.2026
Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF
Stad
Ålesund
Stillingstittel
sjukepleiar/vernepleiar
Stillingar
1
Heiltid / Deltid
Deltid
Tilsetjingsform
Fast
Stillingsprosent
50
Webcruiter-ID
5167876855
Startdato
01.11.2026
Sosial Deling
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Siri Charlotte Johnsen
Seksjonsleiar
Telefon: 70106510
E-post: Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbud med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal