Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Oslo friomsorgskontor har ledig to vikariat på eitt år som førstekonsulent/rådgjevar. Stillinga krev erfaring med offentleg sakshandsaming og evne til å arbeide tverrfagleg i straffesaker.
Fristen er 18. desember 2026, og oppstart skjer så snart råd. Lønn frå kr. 500 000–620 000 for førstekonsulent og kr. 580 000–700 000 for rådgjevar, avhengig av kvalifikasjonar, med 2% innskot til pensjonskasse.
Oslo friomsorgskontor har ledig to vikariat på eitt år som førstekonsulent/rådgjevar.
Søknadfrist 18. desember 2026. Oppstart så snart råd.
Oppfølging av straffedømte som gjennomfører straff utenfor fengsel. Dette inneber sakshandsaming og kontrolloppgaver av frisette på prøve, frå forvaring, soning i institusjon, samfunnsstraff ogprogram mot ruspåverka køyring.
Den som blir tilsett må pårekne at det kan bli endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Kvalifikasjonskrav
Haldningar og verdiar til tilsettte skal vere i tråd med kriminalomsorgen sitt verdisyn. Våre verdiar er: Openheit, tryggheit og nytenking.
Det må ikkje vere noko å utsette på vandelen til den tilsette. Dette må ein dokumentere med uttømande politiattest før tilsetting.
Vi gjer merksam på at opplysning om søkjarar kan bli gjort offfentlege sjøl om den som søkjer har bede om å vere undateken frå innsyn. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gitt høve til å trekkje søknaden.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring til å søkje stilling hos oss. Kriminalomsorga arbeider for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad og målet om 5 % av nytilsetjingar i staten skal være personer med nedsett funksjonsevne eller hol i CV.
Vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Vi gjer merksam på at dersom søkjarar oppgjev at de har nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan slik informasjon brukast til registreringsformål.
Prøvetida er 6 måneder.
Den som blir tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige- og andre endringar som blir bestemt om arbeidsområdet. Det pågår no ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre en organisasjonsendring.
Nærmere opplysninger om stillingenkan du få ved å vende deg til ass. friomsorgsleiar Njål Grimstad tlf. 95 08 92 59, avdelingsleiar Cecilie Opsahl tlf. 40036102 eller friomsorgsleiar Johnny Bjørklitlf. 40 43 49 41.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV skjema kan Jobbnorge kontaktast på tlf. 75 54 22 20.
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga; KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.