Førstekonsulent elektronisk kontroll

Møre og Romsdal friomsorgskontor

Ålesund

On-site

NOK 525,000 - 665,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordningar i Statens pensjonskø
Trening i arbeidstida

Job summary

Møre og Romsdal friomsorgskontor har ledig ei 100% stilling som fyrstekonsulent ved kontoret i Ålesund. Du vil arbeide med domfelte og tilsette si tryggleik, og vere ein samtalepartnar og rollemodell i eit tverrfagleg team.

Stillinga inneber dag- og kveldsarbeid samt kvar fjerde helg. Dei ansatte jobbar i eit samfunnsoppdrag som fokuserer på trygg og formålstenleg straffegjennomføring, med moderne arbeidsoppgåver og fokus på fagleg utvikling.

Qualifications

  • Du må ha bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS eller relevant høgskule- og universitetsutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis sosialfagleg.
  • Førarkort klasse B.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • God kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system eller verktøy.

Responsibilities

  • vurdere om domfelte er eigna for soning med elektronisk kontroll
  • setje i verk, administrere og kontrollere straffegjennomføringa
  • leggje til rette for og følgje opp fagleg innhald
  • drive planmessig endringsarbeid i samarbeid med hjelpeapparatet
  • kontrollere at vilkår for straffa blir haldne
  • ved behov må ein og rekne med å ta del i andre typar straffegjennomføring i friomsorga
  • bidra til at drifta går smidig, og når tempoet er høgt.

Skills

Førarkort B
Gode kommunikasjonsferdigheter
IKT-kompetanse
Grensesetting og konfliktløysing

Education

Fengselsbetjentutdanning

Tools

IKT-systemer

Job description

Om stillinga

Møre og Romsdal friomsorgskontor har ledig ei 100% stilling som fyrstekonsulent ved kontoret i Ålesund.

Friomsorga i Møre og Romsdal er ein del av kriminalomsorga, og vi jobbar med ulike formar for straffegjennomføring i samfunnet.

Vi søkjer deg som er fagleg engasjert og motivert av kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag. Du opptrer profesjonelt i møte med menneske, har gode vurderingsevner og ser verdien av både relasjonsbygging og tydelege rammer. Du arbeider strukturert, er oppteken av kvalitet og ønskjer å bidra til trygg og formålstenleg straffegjennomføring.

Avdelinga for elektronisk kontroll har 9 tilsette, 5 som har arbeidsstad i Molde og 4 som har arbeidsstad i Ålesund. Stillinga inneber arbeid på dag- og kveldstid samt arbeid kvar fjerde helg.

Som fyrstekonsulent har ein ansvar for dei domfelte og tilsette sin tryggleik, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fyrstekonsulent elektronisk kontroll skal ha evne til grensesetjing, konfliktløysing og vere ein samtalepartnar, rollemodell og rettleiar for dei domfelte.

Teamet for elektronisk kontroll består av tilsette med både fengselsfagleg og anna relevant kompetanse, fortrinnsvis sosialfagleg. For å oppretthalde denne breidda i kompetansesamansetjinga søkjer vi primært kandidatar med fengselsfagleg bakgrunn til den ledige stillinga. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med slik bakgrunn, vil søkjarar med anna relevant kompetanse bli vurderte.

Arbeidsoppgåver
  • vurdere om domfelte er eigna for soning med elektronisk kontroll
  • setje i verk, administrere og kontrollere straffegjennomføringa
  • leggje til rette for og følgje opp fagleg innhald
  • drive planmessig endringsarbeid i samarbeid med hjelpeapparatet
  • kontrollere at vilkår for straffa blir haldne
  • ved behov må ein og rekne med å ta del i andre typar straffegjennomføring i friomsorga
  • bidra til at drifta går smidig, og når tempoet er høgt.

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.

Utdanning og erfaring

Du må ha

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS eller relevant høgskule- og universitetsutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis soialfagleg.
  • førarkort klasse B
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

Det er ønskjeleg at du har

  • erfaring frå kriminalomsorga eller anna relevant erfaring frå arbeid med menneske i ein sårbar situasjon
  • erfaring med sakshandsaming

Personlege eigenskapar
  • har evne til å motivere til å endre åtferd
  • har avgjerdsevne, er fleksibel og har evne til etisk refleksjon
  • arbeider strukturert og sjølvstendig, men likar best når du samarbeider
  • liker ein aktiv arbeidskvardag og evner å omstille seg når arbeidet krev det
  • evnar å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • trening i arbeidstida
  • Stillinga blir løna som 1408 førstekonsulent, fra kr 525 000 - 665 000, avhengig av kvalifikasjoner og erfaring.Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
  • stillingen er i turnus som inneber dag, kveld og helgearbeid. Helgearbeid er pr tiden kvar fjerde helg.
Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Det må ikkje vere noe å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Trude Aarsethtlf. 71246610. trude.aarseth@kriminalomsorg.no

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Førstekonsulent elektronisk kontroll
Førstekonsulent elektronisk kontroll

Høyere saksbehandlere i offentlig og privat virksomhet • Ålesund

On-site
NOK 525,000 - 665,000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Trening i arbeidstida
Førstekonsulent elektronisk kontroll
Førstekonsulent elektronisk kontroll

Twoja Norwegia • Ålesund

On-site
NOK 525,000 - 665,000
Pensjonsordning i SPK
Forsikringsordninger
Låneordninger
Fyrstekonsulent elektronisk kontroll
Fyrstekonsulent elektronisk kontroll

Sunnmørsposten • Bergen

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Trening i arbeidstiden
Meningsfulle oppgaver
Rådgiver innen HR/personal
Rådgiver innen HR/personal

Regionkontor sørvest • Sandnes

On-site
NOK 630,000 - 745,000
Treningsrom og trening i arbeidstiden
Fleksibel arbeidstid (statens særavt;
Pensjons- og forsikringsordninger
Miljøterapeut / Fengselsbetjent– Ungdomseining Vest Bjørgvin fengsel
Miljøterapeut / Fengselsbetjent– Ungdomseining Vest Bjørgvin fengsel

Bjørgvin fengsel • Bergen

On-site
NOK 540,000 - 685,000
Gode pensjons-, forsikrings- og låne-<
ordningar i Statens pensjonskasse
Trening i arbeidstida
+1
Vi søker førstekonsulent/rådgiver til Telemark friomsorgskontor
Vi søker førstekonsulent/rådgiver til Telemark friomsorgskontor

Telemark friomsorgskontor • Skien

On-site
NOK 520,000 - 665,000
Vi søker førstekonsulent/rådgiver til Telemark friomsorgskontor
Vi søker førstekonsulent/rådgiver til Telemark friomsorgskontor

Lene- Merethe Ellingsen • Skien

On-site
NOK 520,000 - 735,000
Meningsfulle arbeidsoppgaver
Faglig utvikling
Godt arbeidsmiljø
+3
Vikariat som sosialfaglig rådgiver/førstekonsulent
Vikariat som sosialfaglig rådgiver/førstekonsulent

Åna fengsel • Nærbø

Hybrid
NOK 580,000 - 710,000
Eget kontor
Gratis parkering
Tilgang til el-billader
+2
Rådgiver innen HR/personal
Rådgiver innen HR/personal

Kriminalomsorgen • Sandnes

On-site
NOK 630,000 - 745,000
Treningsrom
Pensjonsordninger i Statens pensjonsk1
Fleksibel arbeidstid
+1
Økonomicontroller (rådgiver/seniorrådgiver)
Økonomicontroller (rådgiver/seniorrådgiver)

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS • Lillestrøm

On-site
NOK 600,000 - 900,000
Kantine
Treningsrom
Gode pensjonsordninger i Statens pensk
+2
Top locations