Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Agder fengsel, Evje ungdomseining (ungdomseining sørvest) søker fengselsbetjenter for faste 3-skiftsrutiner og arbeid kvar tredje helg. Stillingen byr på varierte oppgåver i eit trygt fagmiljø med fokus på omsorg og rehabilitering av ungdomar 15–17 år.
Du blir del av eit team der både fengselsutdanna og turnuspersonell arbeider tett saman. Vi tilbyr solid opplæring, gode pensjons- og forsikringsordningar og ein arbeidsplass med tett oppfølging og fagleg utvikling.
Agder fengsel, Evje ungdomseining (ungdomsenhet sørvest) er blitt Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige med plass inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga har tre soner med høg sikkerheit, der det er muleg å differensiere sikkerheita og tilbudet til ungdomane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet me skal gje, skal vere i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar, og retningslinjene gjeve etter straffegjennomføringslovens §10a.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje ungdomseining (11 plassar for mindreårige 15-17 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 75 av desse på Evje.
Me har etablert eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og rehabilitering. Me søker no etter trygge kollegaer, som kan skape tryggleik for andre, også i krevjande situasjonar.
På Evje ungdomseining jobbar det mange ulike fag- og yrkesgrupper. Basisbemanninga vår består av fengselsbetjentar og miljøterapeutar, som jobbar sivilt og tett på den enkelte ungdom, der ein jobbar ut i frå grunnpillarane i traumebevisst omsorg (tryggleik, relasjon og regulering). Både fengselsutdanna og anna turnuspersonell inngår i vaktlag, med krav til godkjent FM-modular og jamnleg trening.
Me har i dag over 50 personar i fast stilling med turnus og har i denne runden behov for å tilsette ytterlegare fengselsbetjentar. Alle stillingane er faste med ordinære 3-skifts turnusar med arbeid kvar 3. helg.
Fengselsutdanna personell blir tilsett i kode 0264 fengselsbetjent, og vil få mulegheita til å jobbe på alle dei tre ulike sonene våre (A, B og C).

Søknadsfrist er 03.01.27Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Stillingskode 0264
Du må haPersonlig egnethet vil bli tillagt stor vekt. Me vil vurdere korleis din kompetanse, erfaring, motivasjon og personlig egnethet kan utfylle vår avdeling og bidra positivt til samarbeid og utvikling ved ungdomseininga vår.
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Agder fengsel vil i ansettelsessaker ta hensyn til interne retningslinjer virksomheten har. Dette innebærer blant annet at det i søknadsprosessen vil bli gjort en konkret vurdering av om en eventuell ansettelse kan utløse habilitetsutfordringer, sikkerhetsmessige utfordringer eller driftsmessige utfordringer for Agder fengsel. Søkere bes derfor oppgi i søknaden om de har en nær relasjon til andre ansatte ved Agder fengsel.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv.
Visjonen vår er Straff som endrar og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Tilkallingsvikarer og sommervikarer, Agder fengsel, Evje Ungdomseining