A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Valle kommune søker tilsynsperson for barn i fosterheim. Du skal følgje barnet over tid, byggje ein trygg relasjon og sikre forsvarleg omsorg i fosterheimen gjennom regelmessige tilsyn. Arbeidet krev evne til å lytte, respekt og god kommunikasjon.
Stillinga er fast oppdrag med løn etter avtale (timesbasert). Det vert lagt vekt på innføring og rettleiing i oppdraget. Du vil som hovudregel planleggje og gjennomføre tilsyn fire gonger i året per barn, dokumentere funn og kontakt med barnet sjølv om
Vil du bidra til at barn i fosterheim har det trygt og godt?
Setesdal barnevern søkjer ein tilsynsperson for barn som bur i fosterheim.
Vi ser etter ein trygg og engasjert vaksen som er god til å lytte, skape tillit og møte barn og unge med respekt.
Setesdal barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for Bykle, Valle og Bygland, med Valle som vertskommune.
Som tilsynsførar i Setesdal barnevern skal du føre uavhengig tilsyn med at barn får forsvarleg omsorg i fosterheimen, og at føresetnadene for plasseringa blir følgde opp. Du skal bidra til at barnet blir høyrt, og vere ein person barnet kan snakke med om korleis det har det – også om forhold som opplevast vanskelege i fosterheimen eller i kontakten med barnevernstenesta.
Det er viktig at du kan følgje barnet over tid og byggje ein trygg relasjon.
Stillinga er fast oppdrag og ledig frå d.d.
Vi ønskjer at du:
Relevant helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit og evna til å møte det enkelte barnet vil bli tillagt stor vekt. Du må kunne ivareta ei uavhengig rolle overfor barnevernstenesta og fosterfamilien. Tilknytingar som kan påverke uavhengigheita, vil bli vurderte før tildeling av oppdrag.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart. Tilsynspersonen har teieplikt.
Hedda Helene Schaanning,Leiar oppvekst og barnevern,+47 47642462,hedda.helene.schaanning@valle.kommune.no
Leitebakken 31
4747Valle
Arbeidsgivar: Valle kommune
Referansenr.: 5191467243
Stillingsprosent: 3%
Fast
Startdato: 26.10.2026
Søknadsfrist: 08.11.2026