Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Stad kommune har utlyst ei 100% fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut i Barneavlastinga som del av Meistring og psykisk helse. Turnusen inkluderer langvakter og 2:1 bemanning, med arbeid kvar fjerde helg. Søkjar må visast sjølvstendig arbeid, samtidig som ein bidreg til tett samarbeid i team.
Arbeidsoppgåvene inkluderer fagleg ansvar, kartlegging av behov, dokumentasjon i pasientjournal og tverrfagleg samarbeid for å skape tryggleik og meistring for barna.
Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø i eit spennande tiltak, så kan dette vere stillinga for deg!
Barneavlastinga har ledig ei 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut frå 01.01.2027. Avdelinga er ein del av eininga Meistring og psykisk helse.
Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp med langvakter knytt til eit tiltak med 2:1 bemanning og vakter i Barneavlastinga.Arbeidshelg kvar fjerde helg med langvakter.
Barneavlastinga gjev eit avlastingstilbod for familiar som har eit tyngande omsorgsbehov for sine barn. Barna har ulike behov for oppfølging og bistand.I avdelinga arbeider ein tett på barna gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Som tilsett er du med på å skape tryggleik, meistring og gode dagar for barna. Stillinga krev at ein kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivast med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene og arbeidsdagane er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt.
Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen. Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing.
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 måneder prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801
Stine Takle Piel,Avdelingsleiar barnebustad,41457801,stine.takle.piel@stad.kommune.no
Myroldhaugvegen 43
6770Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5195200500
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026