A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Klepp kommune i Kleppe søker to engasjerte vikarar i 100% stilling til arbeid med undersøkingar og oppfølging av familiar. Du vil jobbe tett med barn, unge og foreldre for å skape positive endringar og bidra i eit engasjert fagmiljø.
Arbeidsoppgåver inkluderer saksbehandling etter barnevernslova, samtalar, tverrfagleg samarbeid og kartlegging av hjelpetiltak. Vi krev politiattest og vektlegg tillit, initiativ og samarbeid.
Klepp barnevernteneste søker to engasjerte vikarar i 100 % stilling til arbeid med undersøkingar og oppfølging av familiar.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du arbeider tett saman med barn, unge og foreldre for å skape positive endringar. Du blir del av eit arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte kollegaer som er opptekne av å gi gode tenester til barn og familiar. Barneverntenesta er inne i ei spennande utvikling, der vi arbeider med å styrkje kvalitet, fagleg samarbeid og gode arbeidsprosessar. Som medarbeidar hos oss får du moglegheit til å bidra aktivt til utviklinga av tenesta og vere med på å forme vegen vidare.
Vi arbeider for ein kultur der ingen står aleine i krevjande saker, og der samarbeid, støtte og deling av kompetanse er ein naturleg del av kvardagen.
Vi ser etter deg som:
For å trivast hos oss trur vi at du:
For stillingen kreves det uttømmende og utvidet politiattest i henhold til barnevernsloven.