Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Haram kommune søkjer tilkallingsvikar til Tennfjord barnehage. Arbeidet er knytt til barn i alderen 0-6 år og følgjer barnehagelova og rammeplanen. Det er fokus på omsorg, tryggleik og fagleg utvikling i eit godt fagmiljø.
Tilsette har lang erfaring og engasjement, og vikarstillinga gir moglegheit til å jobbe i ulike barnehagar i kommunen. Startdato 12.10.2026, med sluttdato 31.07.2027.
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode".Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord.
Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.
Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest.
Vi søker deg som:
Gro Olsen Jenssen,Styrar,95199275,gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no
Gjerdebakken 55
6265Vatne
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5183396589
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026