A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal søker til ei vikariat på kirurgisk og ortopedisk sengepost i Volda. Stillinga krev å arbeide 2. eller 3. kvar helg og involverer eit høgt tempo med varierte oppgåver. Du samarbeider tett med eit engasjert team for å sikre god pasientbehandling og trivsel.
Hos oss blir du del av eit-solid fagmiljø med fokus på fagutvikling og godt arbeidsmiljø. Vi legg vekt på fleksibilitet, teamånd og respekt i møte med pasientar og kollegaer.
Er du på jakt etter ein spennande og utfordrande arbeidsplass? Då er kirurgisk og ortopedisk sengepost noko for deg!
Vi har ledig eit vikariat, arbeid 2. eller 3.kvar helg.
Her får du jobbe i eit solid fagmiljø saman med hyggelege og engasjerte kollegaer, der vi alle har eit tydeleg fokus på å gi pasientane den beste moglege behandlinga. Vi har hovudsakleg kirurgiske og ortopediske pasientar, men også gynekologiske og urologiske pasientar. Samarbeid er nøkkelen for at pasientane skal få ei god oppleving under opphaldet på sjukehuset, og her vil du spele ei viktig rolle. Sengeposten er prega av eit høgt tempo, og her får du møte mange varierte og spennande utfordringar.
Med mange ulike diagnosetypar gir denne arbeidsplassen høve til å utvikle kompetansen din på fleire område. I tillegg kan vi tilby eit trygt og sosialt arbeidsmiljø, der samhald og humor er viktige verdiar.
Bli ein del av vårt engasjerte team, og ta del i eit arbeidsmiljø der du både kan utvikle deg fagleg og trivast som kollega.
Å vere personleg eigna, og ha fagleg engasjement vert vektlagt ved tilsetting.
Volda ligg midt i noko av det vakraste Norge har å by på, omgitt av storslåtte fjordar og majestetiske fjell. På Sunnmøre finn du eit mangfald av naturopplevingar, frå djupe fjordar og vakker kystnatur til grøderike dalar, utfordrande klatreturar og spektakulære toppturar. Regionen byr òg på eit rikt kultur- og idrettsliv, i tillegg til eit levande høgskulemiljø. Frå Ørsta/Volda lufthamn, berre ti minutt frå sjukehuset, er det gode flysamband til resten av landet.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket,