Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF søker spesialsjukepleiar/sjukepleiar til dialyseeininga ved SNR Hjelset. Stillinga er heiltidsfast og 100% stilling med hovudarbeidsstad ved Hjelset.
Søknadsfrist er 16.11.2026, og arbeidsgivar tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø samt grundig oppfølging i oppstartsperioden. Du vil aktivt Delta i hemodialysebehandling, opplæring av pasientar og utvikling av tenestene, med tett kontakt med pasientar og pårørande.
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar Dialyse SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Dialyse- og nyrepoliklinikken ved SNR er ein tverrgåande seksjon med hovudavdeling ved SNR Hjelset og ein dialysesatellitt ved SNR Kristiansund. Den utlyste stillinga har hovudarbeidsstad ved Hjelset.
Dialyseeininga på Hjelset er open måndag til laurdag på dagtid, og per i dag også måndag og torsdag kveld. Opningstidene kan bli endra i takt med behov og aktivitet i seksjonen.
Som sjukepleiar ved dialyseeininga er det ein fordel å vere teknisk interessert, samstundes som du ønskjer å arbeide tett på pasientane. Pasientgruppa vår har samansette og komplekse sjukdomsbilete, og det er viktig at du evnar å fange opp viktige detaljar samtidig som du ser pasienten i eit heilheitleg perspektiv.
Vi ønskjer medarbeidarar som bidreg med godt humør, engasjement og arbeidsglede overfor både pasientar og kollegaer. Arbeidsmiljøet er oversiktleg og inkluderande, og du må trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar Ragnhild Vang på telefon 450 38 801.
Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF
Søknadsfrist
16.11.2026
Stad
Hjelset
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Stillingar
1
Heiltid / Deltid
Heiltid
Tilsetjingsform
Fast
Stillingsprosent
100
Webcruiter-ID
5189060523
Sosial Deling
Del på X Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Ragnhild Brandshaug Vang
Seksjonsleiar
Telefon: 45038801
E-post: Ragnhild.Brandshaug.Vang@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal.