Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Bjørnafjorden kommune søker engasjert tilkallingsvikar til grunnskulen i Bjørnafjorden. Du vil bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane, og vere med på å utvikle skulemiljøet.
Vi ser etter deg som har lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning, eller er student. Dersom du er ufaglært, kan du søke dersom du har relevant erfaring; norskkunnskapar må vere særs gode og Nynorsk administrasjonsmål.
Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ønsker å vere med å forme den gode skulen i Bjørnafjorden?
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular. Vi ber deg oppgi om du er interessert i å jobbe ved alle skulane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe.
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.
Skulane i Bjørnafjorden kommune
Arbeid med barn i grunnskulen
Vi ser etter deg som:
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som at:
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i Storebrand: Offentlig tjenestepensjon - et verdifullt gode - Storebrand For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.