A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Nore Neset ungdomsskule i Bjørnafjorden kommune søkjer etter ein avdelingsleiar i ei 100% fast stilling frå 01.02.2027. Du vil vere ein del av leiarteamet og bidra til godt læringsmiljø og sterke skuleresultat. Vi tilbyr eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø, der vi jobbar målretta for elevanes trivsel.
God leiing, dialog med elevar, tilsette og føresette, og samhandling med PPT/BUP er nøkkeloppgåver. Stillinga krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne, leiarkompetanse eller erfaring, og
Ved Nore Neset ungdomsskule er det ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.02.2027.
Har du lyst til å vere med å leie skulen vår? Vi søker deg som vil vere med å bidra til godt læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet.
Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2026-2027 har skulen 464 elevar og om lag 65 tilsette. Vi held til i eit flott skulebygg frå 2014 og har eit topp moderne idrettsanlegg like ved. Du kan lesa meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Godkjent relevant utdanning frå høgskule eller universitet og kompetanse for ungdomstrinnet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Det vil seie at du må kunne vise til både:
Det er ønskelig med leiarkompetanse som er relevant for stillinga.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda navn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgiBANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.