A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Arbeidsplassen Bjørnafjorden kommune søker tilkallingsvikar for skulejobb ved skulane i Bjørnafjorden kommune. Arbeidet krev engasjement for trygge og inkluderande læringsmiljø og evne til å bidra til gode skuleresultat.
Du må ha fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning, og du må kunne dokumentere gode norskkunnskapar. Dette er ei stilling for vakant/lege behov med fleksible vakter.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjordenkommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skapetrygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket forKunnskapsløftet 2020).
Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular.
Vi ber deg oppgi om du er interessert i å jobbe ved alle skulane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva sideav fjorden du vil jobbe.
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører tilbehov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudtarbeid.
Skulane i Bjørnafjorden kommune
Arbeid med barn i grunnskulen
Fagbrev i barne og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant utdanning.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir:Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no)
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søke, og di tidlegarearbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som at:
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i Storebrand:Offentlig tjenestepensjon - et verdifullt gode - Storebrand
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads-eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?