Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Jettegryto barnehage i Bjørnafjorden kommune søker barnehagelærar i 100 % fast stilling. Du vil vere ein viktig del av grunnbemanninga og bidra til planlagd pedagogisk utvikling i barnehagen.
Vi søkjer ein strukturert lagspelar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og med evne til å arbeide målinnretta for barnas språk, leik og sosialt samla miljø. Krav til politiattest og norsk språk står i annonsen.
Vi har ledig stilling som barnehagelærar i 100 % fast stilling, frå snarast.Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Jettegryto barnehage. Barnehagen treng at du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobber målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på språk, ASK, leik, inkluderande barnehagemiljø og berekraftig utvikling.
Jettegryto barnehage ligg sentralt til i Eikelandsosen. Barnehagen har 20 tilsette og 73 barn fordelt på 5 avdelingar. I 2023 flytta vi inn i eit nytt og moderne bygg, vi har innbydande lokaler, eit fantastisk uteområde og moglegheit for bemanna plantid. Barnehagen har kort veg til sjø, skog og fjell noko som innbyr til både leik og turar i nærmiljøet.
Vi ser etter deg som:
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgiBANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.