Universitetslektor (vikariat) i kunsthistorie

Monica Grini

Bergen

Hybrid

NOK 653,000 - 693,000

Full time

11 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Faglig utfordrande miljø
Sterkt faglig nettverk
Trygg og fleksibel arbeidskvardag
Lønnsramme 653k–693k

Job summary

Universitetet i Bergen søker universitetslektor i kunsthistorie til ei mellombels 50% stilling ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Start 01.01.2027, varigheit til 31.12.2027, med moglegheit til forlenging.

Undervisning i teoretiske og historiske emner, rettleiing av studentar, sensur og fagleg-administrative oppgåver. Undervisningsspråket er norsk eller skandinavisk, og noko undervisning kan vere på engelsk.

Qualifications

  • Norsk mastergrad eller tilsvarande innan kunsthistorie eller anna relevant fag.
  • Kompetanse til å undervise i store delar av programmet i kunsthistorie.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning eller røynsle med undervising og rettleiing.
  • Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på minimum nivå B2.

Responsibilities

  • Undervisning innan både teoretiske og historiske emner med eit breitt kunsthistorisk fokus (ca. 1400 til i dag).
  • Rettleiing, sensur og oppfølging av studentar.
  • Fagleg-administrative oppgåver.
  • Å ta del i den faglege utviklinga ved instituttet.

Skills

Kunsthistorie kompetanse
Undervisning
Pedagogisk kompetanse
Norsk språk B2

Education

Mastergrad i kunsthistorie

Job description

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Universitetslektor i kunsthistorie

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk kandidat til ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i kunsthistorie ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Stillinga er eit vikariat med planlagd oppstart 01.01.2027 og har varigheit til og med 31.12.2027 med moglegheit til forlenging.

Om instituttet

Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 14 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.

Arbeidsoppgåver:

I stillinga vil du mellom anna ha ansvar for:

  • Undervisning innan både teoretiske og historiske emner med eit bredt kunsthistorisk fokus (ca. 1400 til i dag).
  • Rettleiing, sensur og oppfølging av studentar.
  • Fagleg-administrative oppgåver.
  • Å ta del i den faglege utviklinga ved instituttet.

Undervisningsspråket er norsk eller eit anna skandinavisk språk. Det kan også bli aktuelt med noko undervisning på engelsk.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Søkjaren må ha:

  • Norsk mastergrad eller tilsvarande innan kunsthistorie eller anna relevant fag.
  • Kompetanse til å undervise i store deler av programmet i kunsthistorie.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning eller røynsle med undervising og rettleiing.
  • Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på minimum nivå B2.

Det er ein føremon med:

  • Erfaring med undervisning og rettleiing i kunsthistorie på universitetsnivå.
  • Relevante forskingsresultat utover mastergradsnivå.

Det blir lagt vekt på evne til å kombinere sjølvstendig arbeid med godt samarbeid, og til å engasjere studentar i læringsprosessen. Det blir òg lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og at vedkomande er personleg eigna for stillinga.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.

Hos oss får du:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
  • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
  • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
  • Løn som universitetslektor (stillingskode 1009), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 653 000 – 693 000 i full stilling. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse , som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte fagkoordinator, førsteamanuensis Monica Grini, e-post: monica.grini@uib.no , eller fungerande instituttleiar, professor Anders Gullestad, e-post: anders.gullestad@uib.no , telefon: +47 55582464.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no .

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikke å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Universitetslektor (mellombels) i digital kultur
Universitetslektor (mellombels) i digital kultur

David Wright • Bergen

On-site
NOK 653,000 - 693,000
Gode velferdsordningar
Trygt arbeidsmiljø
Nettverksbygging
+2
Universitetslektor (vikariat) i kunsthistorie
Universitetslektor (vikariat) i kunsthistorie

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 653,000 - 693,000
Mellombels stilling som universitetslektor i russisk
Mellombels stilling som universitetslektor i russisk

?Brita Lotsberg Bryn • Bergen

On-site
NOK 653,000 - 693,000
Faglig utfordrende miljø
Nær Bergen by og natur
Gode velferdsordningar
Universitetslektor (mellombels) i digital kultur
Universitetslektor (mellombels) i digital kultur

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 327,000 - 347,000
Universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk (mellombels, 70 %)
Universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk (mellombels, 70 %)

Line Hilt • Bergen

On-site
NOK 653,000 - 693,000
Sterkt fagmiljø
Nettverksbygging
Pensjonsordning
+1
Førsteamanuensis i helsevitenskap
Førsteamanuensis i helsevitenskap

Førsteamanuensis i sykepleie • Bergen

On-site
NOK 800,000 - 850,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (farmakologi)
Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (farmakologi)

Silke Appel • Bergen

On-site
NOK 655,000 - 705,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Seniorkonsulent (vikariat)
Seniorkonsulent (vikariat)

personalkonsulent • Bergen

On-site
NOK 615,000 - 645,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Seksjonssjef – studiekvalitet
Seksjonssjef – studiekvalitet

Avdelingsleder • Bergen

On-site
NOK 905,000 - 1,150,000
Fleksibel arbeidstid
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordninger
Overingeniør (50%) i digitale og elektroniske medium (vikariat)
Overingeniør (50%) i digitale og elektroniske medium (vikariat)

HR/KMD • Bergen

On-site
NOK 642,000 - 650,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Top locations