Uma candidatura completa num minuto
Currículo e carta de apresentação personalizados, prontos a enviar.
Universitetet i Bergen søker postdoktor i pedagogikk/psykologi til å arbeide med WORDS2NUMBERS-prosjektet i WP2, basert i Bergen. Foreløpig vil arbeidet involvere data frå SpedAims-kohorten og samarbeid med UiB og Universitetet i Oslo.
Stillinga er ei treårig engasjement finansiert av Norges forskingsråd, og inkluderer samarbeid med sentra for likestilling i utdanning. Reiseverksemd i samband med forskingssamarbeid kan pårekna.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgADet blir lyst ut ei treårig stilling ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er finansiert av Noregs forskingsråd som ein del av forskingsprosjektet WORDS2NUMBERS . Arbeidsstaden er i Bergen. Det må reknast med noko reiseverksemd i samband med forskingssamarbeid og datainnsamling.
WORDS2NUMBERS undersøkjer kvifor lese- og matematikkferdigheiter, og vanskar innenfor desse områda, er tett knytte til kvarandre. Den utlyste stillinga er knytt til arbeidspakke 2 (WP2), som undersøker korleis ulike språkferdigheiter bidreg til matematisk utvikling over tid. Postdoktorkandidaten vil nytte data frå SpedAims-kohort, ei pågåande longitudinell studie som følgjer om lag 750 barn frå førskulealder og oppover i skulealder
Arbeidsoppgåver
Du må
Det er ein fordel om du
Stillinga som postdoktor er ei mellombels tilsetjing der hovudføremålet er å videreutvikle forskingsprofilen og kompetansen din, slik at du kan kvalifisere deg for stilling som førsteamanuensis. Tilsetjingsperioden er tre år.
Du kan ikkje vere tilsett som postdoktor i meir enn éin åremålsperiode ved same institusjon. I samsvar med reglane til Forskingsrådet kan du heller ikkje tilsetjast meir enn éin gang som NFRfinansiert postdoktor.
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket vil bli lagt til grunn ved handsaming av søknadene. Dersom universitetet ikkje har motteke vurderinga frå Utanriksdepartementet innan 6–12 veker etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetjing bli trekt tilbake
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .