Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Ved Geofysisk Institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei ph.d.-stipendiat i klimadynamikk i eit banebrytende forskingsmiljø. Stipendperioden er tre år med mogelegheit for eit fjerde år knytt til undervisning og formidling gjennom NorCPMNext og BCCR, med målet om å vidareutvikle sub-sesong til sesong prognoser for regionalt klima.
Søkjar må ha mastergrad i relevante fag, solid erfaring i atmosfærisk dynamikk og vitskapleg programmering (Python, R, Matlab, Julia eller C/C++).
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
VedGeofysisk Institutt (GFI), Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i klimadynamikk.Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid, til dømes undervisning, avhengig av behova ved instituttet. Den som blir tilsett, vil vere ein del av NorCPMNext, eit strategisk prosjekt ved Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR) som har som mål å vidareutvikle sub-sesong- til sesongprognosar for regionalt klima og ekstreme hendingar ved hjelp av hybride fysikk-KI-modellar.
Det er eit aukande behov for sub-sesong- til sesongprognosar (S2S; 2 veker til 12 månader) for regionale klimarelaterte farar og ekstremhendingar som hetebølgjer, kraftig nedbør og ekstreme sjø-isforhold, på grunn av dei store miljømessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensane desse kan ha. Fysikkbaserte jordsystemmodellar og system for klimaprognosar dannar grunnlaget for moderne klimaførehandsvarsling, men det er berekningsmessig kostbart å køyre dei med oppløysingar som er relevante for konsekvensanalysar. Kunstig intelligens (KI) gir nye moglegheiter for å overvinne denne avgrensinga. Samstundes viser svakheitene ved reint datadrivne metodar, særleg for lengre prognosehorisontar, at det er behov for å kombinere KI med fysikkbaserte modellar. Hybrid fysikk-KI-modellering er derfor i ferd med å bli ein lovande veg mot nøyaktige, fysisk konsistente og effektive klimaprognosar.
Dette ph.d.-prosjektet vil fokusere på KI-basert nedskalering av klimamodellresultat med grov oppløysing for å gi handlingsretta klimainformasjon på regionalt og lokalt nivå. Dei resulterande høgoppløyste prognosane vil bli nytta i brukerretta casestudiar som vurderer risiko knytt til ekstreme hendingar i Noreg. På denne måten vil prosjektet demonstrere potensialet i neste generasjons hybride fysikk-KI-system for klimaprognosar.
Arbeidet vil bli gjennomført i tett samarbeid med vitskaplege partnarar i NorCPMNext, eit strategisk prosjekt som involverer Universitetet i Bergen, NERSC (Nansen Environmental and Remote Sensing Centre) og NORCE (Norwegian Research Centre). Universitetet i Bergen tilbyr eit internasjonalt arbeidsmiljø gjennom BCCR, det største klimaforskingssenteret i Norden og eitt av dei leiande sentera i Europa, med om lag 200 forskarar frå 37 land.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er påtreår, med opning for eitfjerdeår avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eitfjerdeår blir bestemt, viléittårsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og sliktilsvare25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har voretilsettirekrutteringsstilling(stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bligjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet vedFakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at dufyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn,etnisitet, økonomisk bakgrunn,religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.