Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Universitetet i Bergen søkjer ein ph.d.-stipendiat for å analysere klimadata og utvikle maskinlæringsbaserte emuleringar av hydrologiske modellar. Stillinga er tre år, med moglegheit for eit fjerde år knytt til undervisning i prosjektet DYNAMIC-AI ved Bjerknessenteret.
Stipendiaten blir del av Bjerknessenteret sitt prosjekt og vil kombinere modellering og maskinlæring for å analysere ekstremhendingar som tørke, hetebølger og ekstremnedbør, i eit internasjonalt samarbeid og Open
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
VedGeofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning), knytt til det strategiske prosjektet DYNAMIC-AI: Dynamics of Unprecedented and Compound Extremes using AI ved Bjerknessenteret .
Stipendiaten vil være del av Bjerknessenteret sitt strategiske prosjekt DYANMIC-AI. DYNAMIC-AI vil kombinere fysisk modellering, dynamikkforståing, maskinlæring og hydrologisk modellering inn i eit samla rammeverk for analyse av samansette ekstremhendingar og ekstremhendingar uten historisk sidestykke.Prosjektet vil analysere skogbrann, tørke, hetebølger, sterk vind, ekstremnedbør og flaum.Gjennom å knyte saman vitskapelege tilnærmingar og Bjerknesekspertise vil vi oppnå ein ny forståing som overgår den som kommer frå dei enkelte vitskapelege greinene.
Stipendiaten vil analysere ekstremnedbørshendingar på tvers av Europa i den nye generasjonen av CMIP6 CORDEX nedskaleringar av ensembleprognosar av klima, og utvikle ein hydrologisk modell med bruk av maskinlæring. Modellen skal etterlikne den hydrologiske responsen på ekstremnedbør. Modellen vil bli integrert i det fulle rammeverket i DYNAMIC-AI, som vil modellere forplantninga av usikkerheit frå atmosfæredynamikk ned til hydrologiske farar.
DYNAMIC-AI er eit tverrfagleg prosjekt, og eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen,NORCE Research ogNansensenteret for miljø og fjernmåling . Stipendiaten vil arbeide i eit særdeles internasjonalt arbeidsmiljø som del av Bjerknessenteret for klimaforsking, samlokalisert med Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. Bjerknessenteret er det største klimaforskingssenteret i Norden og blant de største i Europa med rundt 300 forskarar frå 40 land.
Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg bli vurdert i utveljinga av kandidatar.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er påtreår, med opning for eitfjerdeår avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eitfjerdeår blir bestemt, viléittårsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samlede tilsetjingsperioden og sliktilsvare25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har voretilsettirekrutteringsstilling(stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bligjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet vedFakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at dufyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllende opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.