Stipendiat i klimadynamikk

Universitetet i Bergen

Bergen

Hybrid

NOK 534,000 - 653,000

Full time

10 hours ago
Be an early applicant
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Job summary

Universitetet i Bergen søker ein ph.d.-stipendiat i klimadynamikk ved Geofysisk Institutt. Stillinga er ei åremålsstilling på tre år, med moglegheit for eit fjerde år knytt til undervisning og forskingsinfrastruktur. Prosjektet er knytt til NorCPMNext og BCCR og vil utvikle hybride fysikk-KI-prognosar.

Søkjar må ha mastergrad i relevante fag, og dokumentere kompetanse i vitenskapelig programmering samt engelsk.

Qualifications

  • Mastergrad eller tilsvarande utdanning innan fristen 31.12.2026; mastergrad må vere oppnådd før tilsetjing.
  • Erfaring frå atmosfærisk dynamikk er krav.
  • Erfaring frå vitenskapleg programmering i Python, R, Matlab, Julia, C/C++ er krav.
  • Kunnskap om maskinlæring/klimaprognosar er ein fordel.
  • Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Responsibilities

  • Arbeidet fokuserer på KI-basert nedskalering av klimamodellresultat for regionalt nivå.
  • Samarbeid med NorCPMNext, UiB, NERSC og NORCE i utvikling av hybride fysikk-KI-modellar.
  • Bidra til evaluering av risiko knytt til ekstreme hendingar og klimaprognosar.
  • Delta i utdannings- og formidlingsaktiviteter ved behov.

Skills

Atmospheric dynamics
Scientific programming
Machine learning (advantage)
English proficiency

Education

Mastergrad i atmosfærisk vitskap, fysikk, anvendt matematikk, informatikk eller relaterte fag

Tools

Python
R
Matlab
Julia
C/C++

Job description

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

VedGeofysisk Institutt (GFI), Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i klimadynamikk.Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid, til dømes undervisning, avhengig av behova ved instituttet. Den som blir tilsett, vil vere ein del av NorCPMNext, eit strategisk prosjekt ved Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR) som har som mål å videreutvikle sub-sesong- til sesongprognosar for regionalt klima og ekstreme hendingar ved hjelp av hybride fysikk-KI-modellar.

Det er eit aukande behov for sub-sesong- til sesongprognosar (S2S; 2 veker til 12 månader) for regionale klimarelaterte farar og ekstremhendingar som hetebølgjer, kraftig nedbør og ekstreme sjø-isforhold, på grunn av dei store miljømessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensane desse kan ha. Fysikkbaserte jordsystemmodellar og system for klimaprognosar dannar grunnlaget for moderne klimaførehandsvarsling, men det er berekningsmessig kostbart å køyre dei med oppløysingar som er relevante for konsekvensanalysar. Kunstig intelligens (KI) gir nye moglegheiter for å overvinne denne avgrensinga. Samstundes viser svakheitene ved reint datadrivne metodar, særleg for lengre prognosehorisontar, at det er behov for å kombinere KI med fysikkbaserte modellar. Hybrid fysikk-KI-modellering er derfor i ferd med å bli ein lovande veg mot nøyaktige, fysisk konsistente og effektive klimaprognosar.

Dette ph.d.-prosjektet vil fokusere på KI-basert nedskalering av klimamodellresultat med grov oppløysing for å gi handlingsretta klimainformasjon på regionalt og lokalt nivå. Dei resulterande høgoppløyste prognosane vil bli nytta i brukerretta casestudiar som vurderer risiko knytt til ekstreme hendingar i Noreg. På denne måten vil prosjektet demonstrere potensialet i neste generasjons hybride fysikk-KI-system for klimaprognosar.

Arbeidet vil bli gjennomført i tett samarbeid med vitskaplege partnarar i NorCPMNext, eit strategisk prosjekt som involverer Universitetet i Bergen, NERSC (Nansen Environmental and Remote Sensing Centre) og NORCE (Norwegian Research Centre). Universitetet i Bergen tilbyr eit internasjonalt arbeidsmiljø gjennom BCCR, det største klimaforskingssenteret i Norden og eitt av dei leiande sentera i Europa, med om lag 200 forskarar frå 37 land.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i atmosfærevitskap, fysikk, anvendt matematikk, informatikk eller relaterte fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.12.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan atmosfærisk dynamikk er eit krav.Slik erfaring kan vere opparbeidd gjennom universitetsfag, forskingsprosjekt eller yrkeserfaring.
  • Erfaring med vitskapleg programmering ved bruk av Python, R, Matlab, Julia, C/C++ eller tilsvarande er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan maskinlæring, analyse av klima- eller høgoppløyste modellresultat, klimaprognosar/-framskrivingar eller vurdering av miljørisiko er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er påtreår, med opning for eitfjerdeår avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eitfjerdeår blir bestemt, viléittårsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og sliktilsvare25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har voretilsettirekrutteringsstilling(stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bligjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet vedFakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at dufyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700.Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • ei kort utgreiing (maks. 1 side) om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde «fordelane», då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • ei kort utgreiing (maks. 1 side) der du identifiserer ei vitskapleg utfordring knytt til det foreslåtte prosjektet, og forklarer, ved hjelp av minst eitt konkret døme frå eiga forsking, akademisk eller yrkesmessig erfaring, korleis du ville ha gått fram for å møte denne utfordringa. Hovudvekta bør liggje på korleis den tidlegare erfaringa di gjer deg i stand til å bidra til dette prosjektet.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jf. krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)

Søkjarar er velkomne til å ta kontakt med prosjektrettleiarane for å drøfte søknaden sin.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn,etnisitet, økonomisk bakgrunn,religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar fra kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Stipendiat i klimadynamikk
Stipendiat i klimadynamikk

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 534,000 - 653,000
Godt arbeidsmiljø
Fagutvikling og formidling i forskings
Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar
Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 534,000 - 653,000
Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar
Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 534,000 - 653,000
Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar
Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar

Universitets- og høyskolelektorer/-lærere • Bergen

On-site
NOK 534,000 - 653,000
Løn som stipendiat
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs
Stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 505,000 - 683,000
Stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs
Stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 534,000 - 653,000
Stipendløn
Gode velferdsordningar
Stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologi
Stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologi

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 520,000 - 560,000
Stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs
Stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs

Universitets- og høyskolelektorer/-lærere • Bergen

On-site
NOK 560,000 - 627,000
Løn som stipendiat
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat ved institutt for geografi
Stipendiat ved institutt for geografi

Stipendiat • Bergen

On-site
NOK 534,000 - 653,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat i medievitskap
Stipendiat i medievitskap

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 534,000 - 653,000