Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar

Universitets- og høyskolelektorer/-lærere

Bergen

On-site

NOK 534,000 - 653,000

Full time

14 days+
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Løn som stipendiat
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar

Job summary

UiB søker ein ph.d.-stipendiat knytt til klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar. Stillinga varer i tre år med mogeleg fjerdeår knytt til undervisning innan DYNAMIC-AI-prosjektet ved Bjerknessenteret.

Stipendiaten vil delta i eit internasjonalt miljø ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret, og arbeid med CMIP6, CORDEX og usikkerheitsanalyse. Krav include mastergrad og forskningsrettede ferdigheiter; språkkrav engelsk.

Qualifications

  • Søkjar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning i datavitskap, atmosfærafag eller hydrologi.
  • Python-programmering og Unix/Linux-kunnskap er krav.
  • Erfaring frå hydrologisk modellering eller klimadataanalyse er ein fordel.
  • Kunnskap om maskinlæring er fordel.
  • Gode engelskkunnskapar i skrift og tale.

Responsibilities

  • Stipendiaten blir del av Bjerknessenteret sitt strategiske prosjekt DYNAMIC-AI.
  • Analysere ekstremnedbør og andre ekstremhendingar ved bruk av ML og fysiske modellar.
  • Utvikle hydrologisk modell med maskinlæring og CMIP6 COORDINERING.
  • Bidra til analyse av usikkerheitsforplantning frå atmosfæredynamikk til hydrologiske farar.

Skills

Python
Unix/Linux
klimadatashåndtering
ML-grunnlag
engelsk skriftlig/muntlig

Education

Mastergrad i datavitskap / atmosfæris/vitskap / meteorologi / hydrologi

Tools

PyTorch
NetCDF

Job description

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat

Ved Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning), knytt til det strategiske prosjektet DYNAMIC-AI: Dynamics of Unprecedented and Compound Extremes using AI ved Bjerknessenteret .


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiaten vil være del av Bjerknessenteret sitt strategiske prosjekt DYANMIC-AI. DYNAMIC-AI vil kombinere fysisk modellering, dynamikkforståing, maskinlæring og hydrologisk modellering inn i ein samla rammeverk for analyse av samansette ekstremhendingar og ekstremhendingar uten historisk sidestykke.Prosjektet vil analysere skogbrann, tørke, hetebølger, sterk vind, ekstremnedbør og flaum.Gjennom å knyte saman vitskapelege tilnærmingar og Bjerknesekspertise vil vi oppnå ein ny forståing som overgår den som kommer fra dei enkelte vitskapelege greinene.

Stipendiaten vil analysere ekstremnedbørshendingar på tvers av Europa i den nye generasjonen av CMIP6 CORDEX nedskaleringar av ensembleprognosar av klima, og utvikle ein hydrologisk modell med bruk av maskinlæring. Modellen skal etterlikne den hydrologiske responsen på ekstremnedbør. Modellen vil bli integrert i det fulle rammeverket i DYNAMIC-AI, som vil modellere forplantninga av usikkerhet frå atmosfæredynamikk ned til hydrologiske farar.

DYNAMIC-AI er eit tverrfagleg prosjekt, og eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE Research og Nansensenteret for miljø og fjernmåling . Stipendiaten vil arbeide i eit særdeles internasjonalt arbeidsmiljø som del av Bjerknessenteret for klimaforsking, samlokalisert med Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. Bjerknessenteret er det største klimaforskingssenteret i Norden og blant de største i Europa med rundt 300 forskarar frå 40 land.


Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i datavitskap, atmosfærevitskap, meteorologi, hydrologi eller eit relatert fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med Python-programmering, gode ferdigheiter i bruk av Unix/Linux, og handtering av store klimadatasett i deira originale format (t.d. NetCDF) er eit krav.
  • Erfaring frå minst eitt av følgjande område er eit krav: hydrologisk modellering, overflateprosessar, analyse av klimadata og/eller trening av nevrale nettverk. Erfaring frå fleire av områda er ein fordel.
  • Erfaring med maskinlæringsverktøy som Pytorch er ein fordel.
  • Forståing av og/eller erfaring frå analyse av ekstremhendingar er ein fordel.
  • Erfaring med statistikk, kvantifisering av usikkerhet eller forplantning av usikkerhet er ein fordel.
  • Kjennskap til andre relevante programmeringsspråk er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg bli vurdert i utveljinga av kandidatar.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er påtreår, med opning for eitfjerdeår avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eitfjerdeår blir bestemt, viléittårsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og sliktilsvare25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har voretilsettirekrutteringsstilling(stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bligjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet vedFakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi kan tilby
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700.Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • g ode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Førsteamanuensis Stefan Sobolowski , Geofysisk institutt, Universitet i Bergen

Sigrid Passano Hellan , NORCE Research

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen, e-post: magnus.larsen@uib.no .

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølvorom om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar
Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 534,000 - 653,000
Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar
Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 534,000 - 653,000
Stipendiat i klimadynamikk
Stipendiat i klimadynamikk

Universitets- og høyskolelektorer/-lærere • Bergen

On-site
NOK 356,000 - 594,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Løn som stipendiat kr. 593 700 per år
Stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs
Stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs

Universitets- og høyskolelektorer/-lærere • Bergen

On-site
NOK 560,000 - 627,000
Løn som stipendiat
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat i klimadynamikk
Stipendiat i klimadynamikk

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 534,000 - 653,000
Godt arbeidsmiljø
Fagutvikling og formidling i forskings
Stipendiat ved institutt for geografi
Stipendiat ved institutt for geografi

Stipendiat • Bergen

On-site
NOK 534,000 - 653,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat i klimadynamikk
Stipendiat i klimadynamikk

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 534,000 - 653,000
Stipendiat ved institutt for geografi
Stipendiat ved institutt for geografi

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 590,000 - 630,000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Godt fagleg og sosialt miljø
Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og modellering av alpine vegetasjonsendringar
Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og modellering av alpine vegetasjonsendringar

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 534,000 - 653,000
Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og modellering av alpine vegetasjonsendringar
Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og modellering av alpine vegetasjonsendringar

Stipendiat • Bergen

On-site
NOK 505,000 - 683,000
Løn som stipendiat (kode 1017)
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar