Sterilforsyningstekniker

Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund

On-site

NOK 420,000 - 540,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Helse Møre og Romsdal søker to sterilforsyningsteknikkarar til eit 100 % vikariat ved Ålesund. Arbeidet omfattar demontering/montering av ureint og reint utstyr, og bruken av digitale sporingssystem for sporbarhet og dokumentasjon.

Det blir lagt vekt på nøyaktig og strukturert arbeid, samt god kjennskap til kvalitet og dokumentasjonskrav. Den som blir tilsett får opplæring, og det blir lagt til rette for fagleg utvikling i eit sterkt fagmiljø.

Qualifications

  • Fagskuleutdanning innan sterilforsyning, kirurgisk verksemd eller smittevern er ein fordel.
  • Erfaring frå sterilforsyning eller arbeid med medisinsk utstyr er ønskjeleg.
  • God forståing for kvalitet, sporbarheit og krav til dokumentasjon.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2 eller tilsvarande).

Responsibilities

  • Gjennomføre nøyaktig demontering og montering av ureint og reint utstyr frå operasjon.
  • Sikre korrekt bruk av digitale sporingssystem for full sporbarhet og dokumentasjon.
  • Oppretthalde orden, system og standard i seksjonen til ei kvar tid.
  • Identifisere, melde og følgje opp avvik i tråd med gjeldande system.

Skills

Nøyaktig
Strukturert arbeid
Kvalitetsbevisst
Norskkunnskapar (B2)

Education

Fagskuleutdanning innan sterilforsyning, kirurgisk verksemd eller smittevern

Job description

Vi søkjer to sterilforsyningsteknikarar i 100 % vikariat.


Ønskjer du å arbeide i eit fagmiljø der kvalitet, nøyaktighet og ansvar står i sentrum? Vi ser etter deg som har auge for detaljar, arbeider strukturert og er oppteken av å levere arbeid av høg kvalitet. Hos oss er presisjon avgjerande, fordi arbeidet vi gjer er ein viktig føresetnad for trygg og god pasientbehandling.


I sterilforsyninga har vi ansvar for at kirurgiske instrument og medisinsk utstyr blir desinfiserte, kontrollerte, pakka og steriliserte i tråd med strenge faglege standardar og krav til kvalitet, sporbarheit og pasientsikkerheit.


Vi er inne i ei spennande utvikling og skal byggje ein ny og moderne sterilsentral som etter planen står ferdig hausten 2027. Dei nye lokala vil gi gode og framtidsretta arbeidsforhold med moderne løysingar for logistikk, rein og urein sone, sluser og avansert teknologisk utstyr. Mellom anna blir det teke i bruk automatiserte løysingar som lagerrobot, noko som vil bidra til effektiv drift og høg kvalitet i arbeidet vårt. Satsinga legg til rette for å møte framtidige krav innan smittevern, pasientsikkerhet og sterilforsyning.


Hos oss blir du ein del av eit sterkt og inkluderande fagmiljø med høg kompetanse og ambisjonar. Vi arbeider systematisk, deler kunnskap og støttar kvarandre for å sikre høg kvalitet i alle ledd og den beste behandlinga for pasientane våre.



  • Gjennomføre nøyaktig demontering og montering av ureint og reint utstyr frå operasjon

  • Sikre korrekt bruk av digitale sporingssystem for full sporbarheit og dokumentasjon

  • Oppretthalde orden, system og standard i seksjonen til ei kvar tid

  • Identifisere, melde og følgje opp avvik i tråd med gjeldande system


Kvalifikasjonar


  • Fagskuleutdanning innan sterilforsyning, kirurgisk verksemd eller smittevern er ein fordel

  • Erfaring frå sterilforsyning eller arbeid med medisinsk utstyr er ønskjeleg

  • God forståing for kvalitet, sporbarheit og krav til dokumentasjon

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2 eller tilsvarande)


Ufaglærte med motivasjon for å ta utdanning innan sterilforsyning eller smittevern blir også
oppmoda til å søkje. Seksjonen tilbyr strukturert og rettleidd opplæring gjennom eit eittårigopplæringsprogram med tett fagleg oppfølging.


Personlege eigenskapar


  • Du arbeider nøyaktig, strukturert og med høg grad av presisjon

  • Du følgjer prosedyrar og krav utan å gå på kompromiss med kvalitet

  • Du tek ansvar for eigne oppgåver og leverer stabil kvalitet over tid

  • Du tek ansvar for eigen læring og fagleg utvikling

  • Du handterer eit høgt arbeidstempo på ein kontrollert og føreseieleg måte

  • Du er fysisk skikka til arbeidet, som inneber ståande arbeid og handtering av utstyr gjennomarbeidsdagen

  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom positive haldningar og profesjonell framferd

  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

  • Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, og spesielt menn vert oppmoda til å søkje for åfremme kjønnsbalanse

  • Eit sterkt fagmiljø prega av kompetanse, kvalitet og samarbeid

  • Strukturert og rettleidd opplæring gjennom eit eittårig opplæringsprogram med tett fagleg oppfølging

  • Hospitering på operasjon

  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, inkludert fagskule i sterilforsyningsteknikk og smittevern

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid på tvers av fagmiljø

  • Ein inkluderande arbeidsplass med fokus på samarbeid og gjensidig respekt

  • Løn etter gjeldande overeinskomstar


Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.


Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Sjukepleiar
Sjukepleiar

Helse Møre og Romsdal • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Helse Møre og Romsdal • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Medisinsk sengepost 1 / Medisinsk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 680,000
Godt arbeidsmiljø
Faglunsj og fagdag
Undervisning ved lungpoliklinikken
+2
Radiograf
Radiograf

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 660,000
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Helse Nord-Trøndelag • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Kontor medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 450,000 - 540,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Sjukepleiar/vernepleiar
Sjukepleiar/vernepleiar

Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 640,000
God offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin

Legar barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 1,000,000 - 1,300,000
Eit triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Fokus på god spesialistutdanning
+3
Top locations