Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal søker leger til Barnemedisin og habilitering i Ålesund. Stillinga inkluderer spesialisering i barnemedisin med eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit for forsking ved sida av klinisk arbeid.
Vi legg vekt på trygg utdanning, deltaking i nasjonale fagmøte og kurs. Krev norsk autorisasjon og LIS1-Plan, med lokalabilitet i Ålesund/ Hjelset og vaktsamansetningar som gav tilgang til barnemedisin i tillegg til neonataloppfølging.
Er du nysgjerrig på korleis det er å arbeide med barn, eller ønskjer du å styrkje kompetansen din innen barne- og ungdomsmedisin? Då har du no ei unik moglegheit til å bli kjend med barnemedisin i trygge og utviklande omgjevnader ved vår flotte avdeling.
Vi legg stor vekt på trygg og forsvarleg spesialistutdanning. Som LIS får du delta på kurs etter utdanningsplan og høve til å vere med på nasjonale fagmøte innen barnemedisin. Avdelinga har eit sterkt fagmiljø med omfattande forskingsaktivitet, og vi legg til rette for at du kan kombinere klinisk arbeid med forsking. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer.
Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå gestasjonsalder 26 veker og opp til 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar innan alle dei barnemedisinske subspesialitetane. Avdelinga består av seks seksjonar og er lokalisert både i Ålesund og på Hjelset.
I Ålesund finn du sengepost for barn og ungdom, nyføddintensiv, dagbehandling, poliklinikk for barn og ungdom samt habiliteringseining. Verksemda er samla i eit eige bygg organisert som eit barnesenter, noko som gir eit tett og godt tverrfagleg samarbeid.
Vi har tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt innan neonatologi. Primærvakta er for tida åttedelt, den generelle bakvakta er åttedelt, medan tertiærvakta innan nyføddmedisin er femdelt.
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar!
Søknadsfrist:
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal