Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal søker sjukepleiar til Dialyse- og nyrepoliklinikken ved SNR. Stillinga har hovudarbeidsstad ved Hjelset og krev evne til sjølvstende vurderingar samt godt samarbeid med pasientar i ei kompleks pasientgruppe.
Du må ha norsk autorisasjon, erfaring frå nyremedisin eller dialyse, og god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk. Arbeidsmiljøet er inkluderande og rettleiing vert gitt til pasientar for å fremje eigenomsorg.
Dialyseeininga på Hjelset er open måndag til laurdag på dagtid, og per i dag også måndag og torsdag kveld.Opningstidene kan bli endra i takt med behov og aktivitet i seksjonen.
Som sjukepleiar ved dialyseeininga er det ein fordel å vere teknisk interessert, samstundes som du ønskjer å arbeide tett på pasientane.Pasientgruppa vår har samansette og komplekse sjukdomsbilete, og det er viktig at du evnar å fange opp viktige detaljar samtidig som du ser pasienten i eit heilheitleg perspektiv.
Vi ønskjer medarbeidarar som bidreg med godt humør, engasjement og arbeidsglede overfor både pasientar og kollegaer.Arbeidsmiljøet er oversiktleg og inkluderande, og du må trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar Ragnhild Vang på telefon 450 38 801.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal