Overlege barne- og ungdomspsykiatri

DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund

In loco

NOK 900.000 - 1.100.000

Tempo pieno

3 giorni fa
Candidati tra i primi

Una candidatura completa in un minuto

Curriculum e lettera di presentazione personalizzati, pronti da inviare.

Supera i filtri ATS

Vantaggi offerti da questo lavoro

Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i offentleg pensjonsordning

Descrizione del lavoro

Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker ein dyktig spesialist i barne- og ungdomspsykiatri til eit års vikariat. Oppstart 4. januar eller etter avtale.

Du vil jobbe sjølvstendig og i team med høg fagleg standard i eit triveleg miljø ved døgneininga i Ålesund. Arbeidsoppgåver omfattar utgreiing, diagnostikk og medisinering, samt tverrfagleg behandling og tilsyn. Krav inkluderer norsk spesialistgodkjenning og gode språkferdigheiter; søknadsfrist 09.12.2026.

Competenze

  • Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri.
  • Gode norsk språkferdigheiter skriftleg og muntleg.
  • Erfaring frå psykisk helsevern for barn og ungdom er ønskelig.

Mansioni

  • Psykiatrisk utgreiing og diagnostiske vurderingar, medisinering.
  • Delta aktivt i tverrfagleg behandlingsteam.
  • Rettleiing/supervisjon av LiS.
  • Ta del i legemøter saman med tilsette i poliklinikken i Ålesund, og i avdelinga sine legemøter.
  • Undervising.
  • Medvirke i faglig utviklingsarbeid for framtida sitt behov for helsetenester.
  • Deltaking i bakvaktsordning.

Conoscenze

Samarbeid
Kommunikasjon
Fagutvikling
Arbeidskapasitet
Sjølvstendig arbeid

Formazione

Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri

Descrizione del lavoro

Vi har ledig eit års vikariat for spesialist i barne- og ungdomspsykiatri ved døgneininga i Ålesund. Oppstart 4 januar eller etter avtale.

Vi er på jakt etter en dyktig og engasjert spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, med evne til å jobbe både sjølvstendig og i team. Vi ser etter deg som innehar ein høg fagleg standard og gode relasjonelle ferdigheiter. Du er fleksibel, strukturert og initiativrik. Hos oss blir du del av eit fagleg godt fellesskap, og vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit trivelig arbeidsmiljø.

Døgneininga vår er saman med dei 4 poliklinikkane i fylket det som utgjer psykisk helsevern for barn og ungdom. Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Vi er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund og arbeider for eit felles fagmiljø. Ein kan også få oppgåver knytta til poliklinikken. Vi tek imot pasientar med alvorlige psykiske lidingar, både til frivillig innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).

Arbeidsdagane på eininga er varierte, både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling. Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og de vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!

Arbeidsoppgåver
  • Psykiatrisk utgreiing og diagnostiske vurderingar, medisinering
  • Delta aktivt i tverrfagleg behandlingsteam
  • Rettleiing/supervisjon av LiS
  • Ta del i legemøter saman med tilsette i poliklinikken i Ålesund, og i avdelinga sine legemøter
  • undervising
  • Medvirke i fagleg utviklingsarbeid for å møte framtida sitt behov for helsetenester
  • Deltaking i bakvaktsordning
Kvalifikasjonar
  • Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri og gjerne med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern for barn og ungdom
  • Må mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg
  • Søkjarar som er på slutten av si spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri kan også vere aktuell for stillinga
Personlege eigenskapar
  • Evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Interesse for fag- og organisasjonsutvikling, og for forbetringsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Ha evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Ha evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personelg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.

Kontaktinformasjon

Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Geilebergvegen 18
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5215213440
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.12.2026

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ottieni la revisione del curriculum gratis e riservata.

o trascina qui il file.

Similar jobs

Offerte di lavoro simili che vale la pena confrontare

Overlege barne- og ungdomspsykiatri
Overlege barne- og ungdomspsykiatri

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

In loco
NOK 900.000 - 1.200.000
Psykolog
Psykolog

Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

In loco
NOK 600.000 - 800.000
Pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin
Lege i spesialisering innan barne- og ungdomsmedisin

Legar barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

In loco
NOK 1.000.000 - 1.300.000
Eit triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Fokus på god spesialistutdanning
+3
Sjukepleiar/vernepleiar
Sjukepleiar/vernepleiar

Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

In loco
NOK 520.000 - 640.000
God offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Psykologspesialist/Psykolog
Psykologspesialist/Psykolog

Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

In loco
NOK 700.000 - 900.000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
+1
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering

FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

In loco
NOK 800.000 - 1.000.000
Rabattavtaler på treningssenter og sp0
Offentlig pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Kontor medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

In loco
NOK 450.000 - 540.000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

In loco
NOK 1.200.000 - 1.600.000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar
Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

In loco
NOK 120.000 - 160.000
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsord
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

In loco
NOK 540.000 - 720.000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderende arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
+3
Luoghi più richiesti