Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Lærdal sjukehus søker sommarvikarar i medisinsk avdeling for perioden 14.06.2027–31.08.2027. Legegruppa søkjer kandidatar som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre.
Stillinga vert i turnus med dag/kveld/natt og LIS1-teneste under tilsyn. Cand.med. og norsk kunnskap krevst, og bustadhjelp blir tilbodt av sjukehuset.
Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!
Legegruppa ved medisinsk avdeling på Lærdal sjukehus har behov for sommarvikarar i perioden 14.06.2027-31.08.2027.
Vi søkjer deg som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Hos oss får du varierte medisinskfaglege utfordringar og høve til å utvikle deg i eit godt arbeidsmiljø.
Lærdal sjukehuser ein del avHelse Førde.
Du vil få oppgåver knytt til sengepost, visittgang og vaktarbeid på medisinsk sengepost. På alle vakter har du erfaren overlege i bakvakt.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust.Lærdal ligg inst i Sognefjorden med gode kommunikasjonar til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.