Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus i Sogn og Fjordane søkjer sommervikarar: autorisert sjukepleiar eller sjukepleiarstudent, medisinstudent eller helsefagarbeidar. Stillingen varer 21. juni til 22. august 2027, og arbeidet skjer ved poliklinikkane som tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar.
Søknadsfristen er 17. januar 2027. Vi oppmodar kandidatane til å bruke Vitnemålsportalen og leggje ved nødvendig dokumentasjon.
Vil du ha ein variert og lærerik sommarjobb i eit triveleg fagmiljø?
Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus har ledig eit sommervikariat i perioden 21.06.2027–22.08.2027.
Stillinga kan vere aktuell for autorisert sjukepleiar, sjukepleiarstudent, medisinstudent eller helsefagarbeidar.
Poliklinikkane tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan hjartesjukdommar, mage- og tarm sjukdommar, infusjonsbehandling, lungesjukdommar og ortopedi.
Lærdal og nabokommunane har i løpet av sommaren fleire festivalar, mellom anna Jordeplerock, Målrock, Kom heim-festival og Fresen. Her er òg treningsstudio, kafear og kino.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Velkomen til Lærdal!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anja Myklemyr,Einingsleiar Medisinsk poliklinikk,(+47) 975 38 392
Sjukehusvegen 9
6887Lærdal
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201420345
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 21.06.2027
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 17.01.2027
Einingsleiar Medisinsk poliklinikk
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sjukepleiar til KAD og kortidsavdeling - 100 % fast stilling med rekrutteringstilskot