Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus søkjer etter helse- og omsorgsarbeidarar til ei 80 % fast stilling. Arbeidet omfattar dokumentasjon i elektroniske journalsystem (Meona og Dips), pasientrelatert arbeid og tett samarbeid i team.
Stillinga handlar om eit inkluderande arbeidsmiljø, god innføring og rettleiing, og moglegheit for vidareutdanning. Lærdal ligg i naturrike omgjevnader mellom Oslo og Bergen.
Medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus har ledige 80 % fast stilling for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar.
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter?Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte?
Medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus har ledige 80 % fast stilling for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar.
Stillinga kan ikkje delast.
Medisinsk sengepost har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger, og driftar for tida 2 interkommunale senger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.
Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for friluftsliv året rundt. Plasseringa gjer Lærdal til eit naturleg knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.
Meir informasjon om Lærdal kommune finn du her.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å kontakte einingsleiar - sjå kontaktinformasjon i annonsa.
Arbeideetter Helse Førde sine verdiar:Respekti møte med pasienten,kvaliteti prosess og resultat, ogtryggleikfor tilgjenge og omsorg.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Marit Fossheim Ottersen,Einingsleiar,(+47) 479 06 594
Sjukehusvegen 9
6887Lærdal
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201923979
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2026