A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Lærdal sjukehus, ein del av Helse Førde HF, søker legestudentar med lisens som sommarvikarar for perioden 14.06.2027–31.08.2027. Ansvar for pasientar, mottak ved akutte- og planlagde innleggingar, og vaktarbeid i turnus blir tilbydd i eit godt arbeidsmiljø.
Hos oss får du varierte medisinskfaglege utfordringar med overlege i bakvakt. Lærdal ligg i Vestland, med natur og gode kommunikasjonar til Oslo og Bergen. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap.
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?
Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!
Legegruppa ved medisinsk avdeling på Lærdal sjukehushar behov for sommarvikarar i perioden 14.06.2027-31.08.2027.
Vi søkjer deg som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Hos oss får du varierte medisinskfaglege utfordringar og høve til å utvikle deg i eit godt arbeidsmiljø.
Lærdal sjukehuser ein del avHelse Førde.
Du vil få oppgåver knytt til sengepost, visittgang og vaktarbeid på medisinsk sengepost. På alle vakter har du erfaren overlege i bakvakt.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust.Lærdal ligg inst i Sognefjorden med gode kommunikasjonar til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Søknadsfrist:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.