Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Fjord1 AS søkjer ein erfaren skipsfører til sambandet Stårheim-Isane. Stillinga inneber døgnskift i ei familievenleg turnus, og det er ønskje om lokal bustad innan eine time frå arbeidsplassen.
Du blir ein nøkkelspiller med leiaransvar ombord, og du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom SEEMP-tiltak og ISO 50001-rammeverket. Fjord1 tilbyr utviklingsmoglegheiter og gode velferdsgoder.
Vi ser etter ein erfaren, trygg og solid skipsførar til sambandet Stårheim-Isane.
Familievenleg turnus med døgnskift. Du går 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av.
Stabil og trygg drift på sambandet er avgjerande for lokalsamfunnet, og du blir ein viktig bidragsytar i det arbeidet. Du får ei nøkkelrolle som leiar i eit engasjert team, der du får arbeide løysningsorientert og operativt.
Fjord1 er eit innovativt og framtidsretta selskap med gode karrieremoglegheiter. Vi tilbyr gode pensjonsordningar og velferdsgoder.
Grunna døgnskift bør søkar bu lokalt, helst innan 1 time.
Søknadsfrist:
Stillingar:
Vi søker ein erfaren og ansvarsbevisst skipsfører med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriv deg, så tar vi gledeleg imot din søknad.
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.