A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 AS søker skipsfører til sambandet Arsvågen-Mortavika om bord på MF Raunefjord. Dagskift, 2 uker på/2 uker fri, 85 timar ei veke. Reisearrangement dekkast av Fjord1; moglegheit for å bu om bord. Viktig rolle i trygg og effektiv drift og miljøansvar.
Oppstart snarast mogleg. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Fjord1 ser etter ei ansvarleg og løysingsorientert leiar som trivs i eit krevjande arbeissamfunn.
Skipsførar i 2:2 turnus, dagskift Fjord1 - Maritim Drift
Fjord1 har no ledig stilling som skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika om bord på MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av Fjord1.
Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som skipsførar får du ei nøkkelrolle i å sikre stabil og effektiv drift. I denne stillinga får du arbeide løysningsorientert og operativt. Arbeidsdagane kan vere travle, med skiftande vêr, mykje trafikk og høgt tempo. Stillinga passer for deg som er trygg i rolla som skipsførar og trivst med ansvar.
Oppstart snarast mogleg er ønskeleg. Aktuelle kandidatr blir kontaktet fortløpande.
Søknadsfrist: 02.12.2026
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Stad: Føresvik
Stillingstittel: Skipsførar pt. MF Raunefjord - Vi dekker reise
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Adresse: Arsvågen ferjekai, E39, 5561 Føresvik, Norge
Benedicte Ellingsen
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon: 47887896
E-post: benedicte.ellingsen@fjord1.no
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.